Julegåver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Julegåve)
Julegåver.
Foto: Sigismund von Dobschütz

Julegåver er gåver gjevne i samband med jul. Dei blir ofte utveksla mellom familiemedlemmer, nære slektningar og venner, men kan også gjevast av organisasjonar eller lag til enkeltpersonar, som då ikkje gjev gjengåver. Gåver blir gjerne pakka inn i fargerikt gåvepapir, pynta med band og merkte med lappar som fortel kven gåven er til og kven som har gjeve han. Samstundes blir det ofte hevda at ein julenisse eller liknande kjem med gåvene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Barn med julegåver på framsida av 1904-julekatalogen frå postordreselskapet Eaton's.

Ein julegåve kan omfatta det meste men er ofte gjenstandar til personleg bruk, til dømes leiker, klede, mat og drikke, hobbyutstyr eller liknande. Ein kan også gje gåvekort, pengar, symbolske gåver eller lovnader om opplevingar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Julegåvehandelen i desember er ein viktig salsperiode for fleire verksemder. Prisen på og arbeidet bak julegåver kan variera mykje. Julegåver kan vera ferdigkjøpte eller heimelaga, og kan ha kosta mykje eller lite. Gjevarar som er økonomisk jamstilte vil ofte prøva å gje kvarandre gåver med om lag like stor verdi. Gjevarar med meir ujamne tilhøve, til dømes vaksne og barn, gjev kvarandre ofte presangar med stor ulikskap i økonomisk verdi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julegåver
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.