Juleglede
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Juleglede | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eucarya | |
| Rike: | Plantae | |
| Underklasse: | Rosidae | |
| Orden: | Cucurbitales | |
| Familie: | Begoniaceae | |
| Slekt: | Begonia'' | |
| Vitskapleg namn | ||
| Begonia × cheimantha | ||
Juleglede eller Begonia x cheimantha er ei plante i slekta begonia. Det er ein hybrid mellom artane B. socotrana og B. dregei.
Den første kjente kryssinga vart gjort i Frankrike i 1891. Dei nye plantane vart kalla Gloire de Lorraine. I delar av Europa går derfor hybriden under namnet Lorraine begonia. I Skandinavia fekk planta namnet julebegonia eller juleglede av di ho er ei sesongpotteplante som kjem på marknaden 7-8 veker før jul.
Den norske produksjonen er på om lag 1 million plantar, men julestjerne (Poinsettia) har teke over ein stor del av marknaden slik at salet av juleglede er merkbart mindre enn tidlegare. Dei norske plantane kjem alle frå same kjelda, sorten Marina som blei registert i 1948.