Julekort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Julekort er kort med julehelsinger som ein sender ut til slekt og vener. Dei kan vere enkle eller doble, og dei kan sendast med eller utan konvolutt. Både heimelaga kort og ferdig trykte kort med julemotiv er vanleg. Ofte sendast dei med posten, men dei seinare åra har også elektroniske julekort kome i bruk. Ifylgje tal frå posten sender kvar av dei norske husstandane i snitt 8-10 julekort i året.

Historikk [endre]

Skikken med julekort skal ha starta med Cole-Horsley-kortet, som vart utgjeve i England i 1843. Så vidt vi veit, kom dei fyrste norske julekorta i 1883. Rundt 1900 var skikken nokså utbreidd også i Noreg.

Bakgrunnsstoff [endre]

Arkivnett Oppland om julekort

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.