Julenissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Julenisse)
Julenissen i gamle dagar, med granbar i håret, julemat og eit barn i armane, kunne kome ridande på ei geit.

Julenissen eller jolenissen, eller avstytt til nissen, og stundom òg kalla joletuften[1], er eit vette som opptrer i samband med jul som gåvegjevar, særleg til snille ungar. Han blir ofte framstilt som ein eldre, vennleg mann med kraftig, kvitt skjegg, kledd i raude klede med store støvlar og topplue. Han ber ofte gåver i ein sekk på ryggen eller i ei slede trekt av reinsdyr. Julenissen har utspring i den gamle helgenskikkelsen Nikolas av Myra, og har blanda seg med eldre tradisjonar knytte til germanske gudar og den gamle norske gardvorden. Han opptrer i dag i populærkulturen som ei personifisering av jula, og er blitt det mest utbreidde verdslege julesymbolet både i tida før og under sjølve julehøgtida.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Nikolas, kjend som Sinterklaas og julenisse i Nederland.

Kristne tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Julenissen bygger på legendene om den kristne helgenen Nikolas, som var biskop i hamnebyen Myra, no ein by i Tyrkia, på 300-talet. Han skal ha vore svært gåvmild, og hjelpt mange familiar i naud. Mellom anna fortel ei soge at han i løynd gav tre posar med gull til ein mann som hadde tre døtrer, men ikkje hadde råd til å gje dei medgift.

Nikolas var vernehelgen for mellom anna barn og unge. På 1200-talet blei den store barnefesten i Frankrike lagt til minnedagen for Sankt Nikolas den 6. desember, Nilsmesse i den gamle norske kyrkjekalenderen. Festen spreidde seg etter kvart til andre land i Europa. Skikken bestod mellom anna i å gje små gåver, såkalla Nikolas-gåver, og ofte kom Nikolas sjølv med dei. Ved sida av den kyrkjelege Nikolas-festen oppstod det på 1400-talet ein tilsvarande tradisjon der Nikolas kom heim til folk med gåver.

Innan protestantismen blei den katolsk-ætta Nikolas-figuren sett på som ein konkurrent til det eigentlege julebodskapen, og erstatta av Jesusbarnet (Christkind) eller ein protestantisk eller sekulær Julemann fleire stader.

Heidenske røter[endre | endre wikiteksten]

Germansk gudetru (som omfatta den norrøne) meinte at Oskoreia leia av Odin fór rundt ved juletider. Ungar som sette støvlane sine, fylte med sukker, gulrøter eller høy til hesten han flaug på, nær pipa, ville lønast med godteri eller gåver. Mange stader i Europa og i den engelskspråklege verda set dei fram skor eller strømper som nissen kan legga gåver i den dag i dag.[2]

Den nordiske julenissen, som bygger på gardvoren eller tomten, kan opphavleg ha kome frå trua på at den første gardseigaren som var hauglagt der seinare gjekk igjen for å hjelpa eller straffa, og måtte ofrast til, særleg ved juletider. Frå denne karen stammar mykje av utsjånaden til den moderne norske nissen, og skikken med å setja ut graut til nissen.[3],[4]

Julenissen i Norden[endre | endre wikiteksten]

Julenissen kom til Norden på slutten av 1800-talet og fekk etter kvart omtrent same rolle som gåveutdelar på julaftan i alle dei nordiske landa. I Sverige blir han kalla «Jultomten» og i Danmark «Julemanden». På Færøyene er den danske nissen innført som «Jólama∂ur» først dei siste tretti åra.

Julenissen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Norsk julenisse med lusekufte i eit norsk-amerikansk museum i Iowa.

I Noreg kjem julenissen typisk på besøk med presangar under familiefesten på julaftan eller på juletrefestar. Dette er som regel ein utkledd vaksen frå selskapet, eller ein kjenning. Nissen har ofte både norske og amerikanske trekk, med lyst skjegg og raud lue og klede som nikkers og strømper, strikka kufte eller ullvest og lang kappe. Nissen helsar typisk med orda «Er det nokre snille barn her?».

Den norske julenissen bygger på den norske nissen eller fjosnissen, ein austlandsk variant av den eldgamle gardvorden eller vetta. Denne har ingen samanheng til den heilage Nikolas, men dei er blitt knytte saman av nisse-namnet, som går tilbake til den nordiske forma av Nikolas, Nils, en nordisk form av Nikolas eller Nikolaus. Frå slutten av 1800-talet blei den vesle gardsnissen svært ofte framstilt som ein «julenisse», særleg på julekort, og i dag er den vesle skjeggete figuren med raud topplue tett knytt til jula.

Den moderne nissen kom til Noreg via Tyskland og Danmark mot slutten av 1800-talet. Den norske julenissen er også påverka av den europeiske Julemannen, ofte kledd i vandringskappe eller bispedrakt.

Julenissen i den engelskspråklege verda[endre | endre wikiteksten]

Julenissen framstilt med reinsdyr i kanadisk magasin frå 1875.

Ifølge moderne, amerikansk tradisjon er nissen ein rundvoren mann med kritkvitt skjegg, kledd i raudt med kvite pelskantar og svarte støvlar. Nissen seier typisk eit hjarteleg «Ho ho ho!». Han bur på Nordpolen der han lagar gåver saman med små hjelparar eller gnomar. Natt til første juledag flyg han gjennom lufta i ei slede trekt av reinsdyr og kjem gjennom skorsteinspipa med julegåver. Det er vanleg å setja fram litt mat til den flittige nissen julekvelden. Nissar kan opptre før julaftan på kjøpesenter, der dei gjerne spør ungar kva dei ønskjer seg til jul, eller for å samla inn pengar til velgjerd.

Den engelske og USA-amerikanske julenissen bygger på førestillingar om ein lystig, julefeirande Father Christmas frå Dei britiske øyane og den nederlandske Sinterklaas-feiringa. Forteljingar, dikt og biletframstillagar av julenissen, særleg A Visit From St. Nicholas (eller «The Night Before Christmas») frå 1823, skapte eit sameina bilde av han i den amerikanske folketrua. Reklameteikningar for Coca Cola i 1931, teikna av svenskamerikanske Haddon Sundblom, gav gjennomslag for utsjånaden med raud og kvit drakt.

Julenissen blir ofte kalla Father Christmas i Storbritannia, medan han i USA er kjend som Santa Claus ei anglifisering av det nederlandske Sinterklaas, altså Sankt Nikolas. Denne nissen er blitt framstilt i talrike bøker og filmar i tillegg til juleutstillingar og julepynt, og er kjend over heile verda.

Julenissen i Russland[endre | endre wikiteksten]

I den gamle russisk-ortodokse kyrkja var St. Nikolas den heilagaste av alle helgenar, og kom også der med gåver. I russisk folketradisjon er det likevel Ded Moroz (Дед Мороз), det vil si «Bestefar Frost». som har julenisserollen. Han ber ein magisk stav og deler ut gåver til barn under nyttårsfeiringa, ofte saman med barnebarnet sitt Snegurotsjka (Снегурочка) eller «Snøjomfrua». Bestefar Frost finst også i tysk tradisjon under namnet «Väterchen Frost». Under kommunistida i Aust-Europa blei Ded Moroz først bannlyst, men seinare blant anna brukt i den kulturpolitiske propagandaen som eit motstykke til den dekadente, vestlege julenissen, og opptrådde då nesten alltid i blå kappe.

Julenissen i verda[endre | endre wikiteksten]

Kvar julenissen bur varierer med ulike tradisjonar, der nokre ikkje trur at han bur nokon særskilt stad, medan andre har han plassert ein kald, snøfylt stad eller i den opphavlege heimbyen til helgenen han bygger på. Heimstaden hans kan vera Nordpolen, Alaska, nord i Canada, på Grønland, i Korvatunturi i finsk Lapland eller i Dalecarlia i Sverige.

Nokre lokalsamfunn har satsa på julenissen som berande forretningside. Særleg har den finske byen Rovaniemi satsa mykje på å marknadsføra seg internasjonalt som heimstaden til julenissen. I mindre skala har tettstaden Drøbak sør for Oslo gjort det same, med heilårs julebutikk og «Julenissens postkontor» med eige poststempel. I Savalen i Hedmark ligg «Julenissens gård» som små og store kan besøka og senda post og ønskelister til. I mange år tok også Oslo kommune imot post frå heile verda adressert til «Julenissen på Nordpolen».

Hjelparar[endre | endre wikiteksten]

Nissen kan koma som ein einsleg person, men det finst også personar og dyr knytte til han. I nokre tradisjonar har han følgje av ein mørk hjelpar som skal ta eller skremma ungar som har vore stygge. Den vonde hjelparen kan vera eit troll eller ein djevel, eller ha namn som Krampus eller Zwarte Piet. I Haiti er hjelparen ein busemann som heiter Tonton Macoute, «Den gamle med sekken». Under Duvalier-regimet på Haiti var også den skremmande militsen til diktatoren kjend som «Tonton Macoute».

I Island er tradisjonen at det blir delt ut ei førjulsgåve kvar dag frå 12. desember fram til julaftan av tretten skremselsvette eller julesveinar, kalla jólasveinar på Island. Desse stammar frå norrøne førestillingar om ungane til den fælslege trollkjerringa Grýla, men er nå blitt til ein slags smånissar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk barneblad. 1934. 
  2. Engelsk Wikipedia: «Santa Claus» som viser til Phyllis Siefker: Santa Claus, Last of the Wild Men: The Origins and Evolution of Saint Nicholas, Spanning 50,000 Years (Jefferson, N.C.: McFarland, 1996) ISBN 0-7864-0246-6
  3. Høgskolen Stord/Haugesund: GARDVOREN eller NISSEN Arkivert 2007-11-05 ved Wayback Machine.
  4. Caplex, Magasinet: «Jul»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]