Juleplantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julekrans pynta med ulike plantedelar.

Juleplantar er plantar ein knyter til jula av ulike grunnar, gjerne fordi dei er vintergrøne eller fordi dei ber blomar eller frukter på denne tida. I tillegg til grønt er plantar med raudfarge ofte nytta som juleplantar. Ein nyttar plantane til julepynt, mat eller av symbolske grunnar.

Juletre laga av julestjerner.

Pynt[endre | endre wikiteksten]

«Under the Mistletoe».

Juletre er ofte eit levande bartre som gran, edelgran eller furu. Ein bruker også bar frå bartre som pyntegrønt, til juledekorasjonar som kransar og oppsatsar. I tillegg til dei nemnde plantane er barlind, einer, kristtorn, sypress og tuja òg vanlege å bruka. Ofte tek ein med greiner med bær eller konglar. Ein annan plantedel som ofte blir brukt når ein pyntar til jul er halm, som kan brukast inni julekransar, til halmbukkar og annan julepynt.

Misteltein og kristtorn blir ofte brukt til mindre dekorasjonar som kan hengast opp, medan ein òg kan pynta til jul med ranker av eføy. Misteltein er kjend for tradisjonen der ein heng han i ein døropning, og alle som møtest under han skal gje kvarandre eit kyss.

Fleire blomar og potteplantar blir særleg dyrka fram til jul og brukte som pynt då, til dømes amaryllis, juleglede, julekaktus og julestjerne. Det newzealandske treet pōhutukawa, som blømer til jul, er òg kjend som New Zealand-juletre.

I ulike land pyntar eller brenn ein òg ein særskild julekubbe til jul.

Matplantar[endre | endre wikiteksten]

Visse plantar blir knytte til jul som mat, til dømes nøtter som hasselnøtt, valnøtt eller mandel, gjerne i form av marsipan, og frukt som fiken, daddel, granateple og sitrusfruktene appelsin, klementin og mandarin. I tillegg til at desse fruktene er tilgjengelege til jul er mange av dei gjerne litt eksotiske, i det minste i nordlege område, og bidreg dermed til å gjera jula litt spesiell og luksuriøs.

I julemat bruker ein ofte også krydder som ein bruker mindre av elles i året, til dømes ingefær, kanel, kardemomme, nellik og safran. Dette har røter tilbake til ei tid då slikt krydder var særs sjeldan og dyrt.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

The holly bears a berry
as red as any blood,
And Mary bore sweet Jesus Christ
to do poor sinners good.
«The Holly and the Ivy», engelsk julesong

Plantar ein pyntar til jul med har ofte òg ei symbolsk tyding, til dømes:

Mange av plantane er tillagt religiøs tyding, til dømes ved at kristtorn blir assosiert med tornekrona Jesus bar ved krossfestinga. Misteltein var frå gammalt av ein heilag plante i nordeuropeisk heidenskap, og blei ofte forbode i kyrkjer, men blei òg noko brukt som symbol på lækjekrafta til Kristus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]