Julepyramide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julepyramide frå Oberwiesenthal i Erzgebirge.

Julepyramide (tysk Weihnachtspyramide) er ein type julepynt med røter i fjellområdet Erzgebirge i Tyskland. Pyramiden er forma som eit smalnande tårn med opne rom inni der ein kan sjå ulike senar. Han har gjerne fleire etasjar, men kan også berre ha éin. Øvst sit ein propell som kan driva figurane i pyramiden rundt som i ein karusell. I somme tyske byar blir det sett opp store julepyramidar i desember, gjerne i samband med ein julemarknad.

SKildring[endre | endre wikiteksten]

Demonstrasjon av ein julepyramide.

Vanlegvis er ein julepyramide laga i tre. Stearinlys vermer opp luft som stig opp og driv propellen på toppen av pyramiden som igjen sørgjer for at dei ulike etasjane beveger seg. Pyramidane kan vise både kristne senar,[1] Dei kan visa Jesusbarnet i krybba, gjetarar og vise menn som vitjer han, og englar som syng i himmelen.[2] Dei kan også omfatta tradisjonelle kvardagsenar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Julepyramiden fekk utforminga si på 1800-talet.[3] Han var opphavleg ikkje berre knytt til jul, men blei i Erzgebirge også sett opp til jonsok som «jonsoktre» dekt med blomar og girlanderar.[4]

Opphavleg var pyramidane handlaga og hadde unik utforming. Men frå først på 1900-talet blei dei også produsert industrielt, først ved fabrikken til Carl Ludwig Flemming i Globenstein (frå 1902) og seinare ved leiketøyfabrikken til Bruno Henning i Seiffen.[5]

Opphavleg blei pyramidane nytta til å pynta opp heimar, men på 1900-talet byrja ein også å setja opp større pyramidar offentleg.[5]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Liknande pynt[endre | endre wikiteksten]

I Sverige har det etter krigen blitt masseprodusert englespel som har trekk lik med julepyramiden, men i tillegg er dei utstyrt med bjøller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. German Christmas Pyramids Henta 10. april 2013
  2. Christmas The Slow Way Henta 10. april 2013
  3. History of German Christmas Pyramids, thegermanchristmasshop.com, arkivert frå originalen 1. august 2018, henta 22. desember 2016 
  4. Miles, Clement A. (1976). Christmas Customs and Traditions: Their History and Significance. Courier Dover. s. 269. ISBN 978-0-486-23354-3. 
  5. 5,0 5,1 History Continued, thegermanchristmasshop.com, arkivert frå originalen 1. juli 2017, henta 22. desember 2016