Julestjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå evt adventsstjerne eller Betlehemsstjerna
Julestjerne


Weihnachtsstern - groß.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: vortemjølkfamilien Malpighiales
Slekt: Vortemjølk Euphorbia
Art: 'E. pulcherrima'
Vitskapleg namn
''Euphorbia pulcherrima''

Julestjerne (Euphorbia pulcherrima) er ein potteplante som opphavleg kjem frå Mexico. I varme strok kan julest veks julestjerna utandørs og kan bli opptil 4-5 meter høg. I Noreg vert ho dyrka som potteplante. Naturleg er blada på toppen raude; men som kulturplante vert det dyrka fram både rosa, lilla, kvite og sjatterte julestjerner.

Dei eigentlege blomstrane er små og heiter chyatier.

I Noreg vert det årleg seld om lag 6 millionar julestjerner. Dei fleste vert kasta etter jul, men overlever ho vinteren, kan ein plante ho ut. Det vil då komme nye grøne blad over dei raude. Dersom ein tar planten inn om hausten, og sørgjer for at han då får minst 12 timar mørke kvar natt, kan han blomstre på nytt.

Det engelske namnet Poinsettia har planten fått etter botanikaren Joel Roberts Poinsett (d. 12. desember 1851). Han var USAs ambassadør i Mexico då han i 1820-åra oppdaga denne planten.

Kjelder [endre]



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Julestjerne