Julia Neuberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dame Julia Babette Sarah Neuberger, Baroness Neuberger (fødd 27. februar 1950) er ein rabbinar, sosialreformator og medlem av Overhuset i Storbritannia. Ho vart utdanna ved Newnham College i Cambridge og Leo Baeck College i London, der ho underviste frå 1977 til 1997.

Julia Neuberger, fødd Schwab, var rabbinar i South London Liberal Synagogue frå 1977 til 1989 og blei utnemnd til seniorrabbinar ved West London Synagogue of British Jews i 2011. Ho var òg leiar av Camden and Islington Community Health Services NHS Trust (1992–97) og tidlegare sekretær i og eksekutivsjef av The King's Fund sidan 1997.

Julia Neuberger blei utnemnd til Dame Commander of the British Empire (DBE) i 2003 og i 2004 til medlem av Overhuset på livstid då ho blei gjeven tittelen Neuberger, of Primrose Hill. Ho var medlem av Liberal Democrats fram til utnemninga som seniorrabbinar i 2011, då ho blei sjølvstendig crossbencher.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]