Julia av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Julia» er ein song skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney på vanleg vis. Han vart gjeven ut i 1968 på dobbeltalbumet The Beatles (White Album). «Julia» er ein roleg, melankolsk song som endar den andre LP-sida (eller første plata av CD-utgåva) på albumet.

Lennon skreiv songen for mor si Julia, som han mista i tenåra. Julia Lennon, fødd Julia Stanley, vart drepen i ei trafikkulukke i Liverpool i 1958. Lennon var då 18 år gammal, men hadde vorte teken frå mora av sosialvesenet på vegner av tanta Mimi som oppdrog han. Lennon sa følgjande om mora: «Eg såg mor mi no og då, og kjenslene mine for ho forsvann aldri. Eg tenkte ofte på henne. Ho (tante Mimi) sa at ho var langt, langt unna.» I røynda var ho berre om lag 5 km unna.

Lennon kom tilbake til morstemaet i fleire songar, mellom anna den angstbitre «Mother» (1970) som òg omhandla sakn, om enn på ein meir marerittaktig måte.

Det er òg mogeleg at Lennon hadde den nye kona Yoko Ono i tankane då han skreiv «Julia». Teksten inneheld setninga Ocean child calls me, noko som kan vere ein indirekte referanse til Yoko Ono, sidan «yoko» tyder «child of the sea» eller «barn av havet».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]