Juliansk døgn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Juliansk døgn (JD) eller Juliansk dato er talet på dagar som har gått sidan startdatoen i Den julianske kalenderen. Startdatoen er måndag 1. januar år 4713 fvt., klokka 12 middag, Greenwich Mean Time (GMT). Dette tidspunktet blir gjeve som JD=0,00. Omgrepet JD, med desimaltal, blir nytta som tidsfaktor i astronomiske utrekningar.

Det finst fleire variantar av denne forma for tidsrekning til ulike føremål. Til dømes nyttar reknearkprogramma Lotus 1-2-3 og Microsoft Excel Dublin Julian Day (DJD) som startar midnatt (kl. 0:00) 1. januar, 1900. DJD 0,00 = JD 2415018,5.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]