Julius Kronberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julius Kronberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 11. desember 1850
Karlskrona stadsförsamling
Død

17. oktober 1921 (70 år)
Engelbrekt

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Sjanger historiemåleri
Ektefelle Pauline Ahlberg
Born Margherita Kronberg
Julius Kronberg på Commons

Julius Johan Ferdinand Kronberg (11. desember 185017. oktober 1921) var ein svensk målar, ein av dei mest framståande kunstnarane i landet i perioden 1870-1920. Han utsmykka mange kjende bygningar i Stockholm.

Julius Kronberg i 1890
Takmåleri i Adolf Fredriks kyrka i Stockholm, 1900
Jaktnymf och fauner, 1875

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Allereie som fjortenåring fekk Kronberg plass ved kunstakademiet i Stockholm. Her slutta han seg mest til Johan Christoffer Boklund og hans historiemåleri, som Kronberg kom til å ta til seg som sitt eige. Også ei kort tids studiar med Johan Fredrik Höckert kom til å spele ei viktig rolle for kunsten hans. I 1870 fekk Kronberg gullmedalje for måleriet Gustav Vasa mottager bibelöversättningen.

Med eit reisestipend fór han i 1873 til København, Düsseldorf og Paris. Under eit kort besøk i Venezia i 1875 laga Kronberg allegorien Våren, eit bilete som innleia ein serie med fargesprakande og fantasifulle dekorative verk. I lengre tid budde han i München, der han innretta studiane mot dekorativt måleri, før han i 1877 busette seg i Roma. Kronberg vart både i München og Roma kjend med fleire norske målarar og forfattarar, mellom andre Henrik Ibsen.

I Roma omarbeidde Kronberg sitt tidlegare måleri Våren til ein ljosare versjon, med ein koloritt som minner om kunsten til Giovanni Battista Tiepolo. Samstundes måla han to sidestykke til verket; Sommar og Höst (1881). Elles måla han særleg historiske og mytologiske motiv som Kleopatras död (1883), David och Saul (1883), Romeo och Julia på balkongen och i gravvalvet (1886), Drottningen av Saba (1888) og Hypatia (1889).

Ved heimkomsten til Sverige i 1889 busette Kronberg seg i Stockholm, der han i tida 1895-98 var professor ved kunstakademiet. I heimlandet fekk han ei mengd utsmykkingsoppgåver, og det er desse han i dag er mest kjend for.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Julius Kronberg