Jump They Say
| Jump They Say Singel av David Bowie frå albumet Black Tie White Noise |
||
| B-side | Pallas Athenas (Don’t Stop Praying Mix) | |
|---|---|---|
| Utgjeve | mars 1993 | |
| Innspelt | Mountain Studios, Montreux; Hit Factory, New York, juni/juli 1992 | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 3:53 | |
| Selskap | Arista 74321 139424 |
|
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
| Produsent | Nile Rodgers | |
| David Bowie-kronologi | ||
| «Real Cool World» 1992 |
Jump They Say | «Black Tie White Noise» 1993 |
«Jump They Say» er ein song av David Bowie frå albumet hans Black Tie White Noise frå 1993. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i mars 1993.
Songen omhandla kjenslene til Bowie for hans schizofrene halvbror Terry, som tok sjølvmord den 16. januar 1985. Teksten fortel om ein mann pressa til fullstendig desperasjon av presset som vert lagt på han. Bowie har òg snakka om sine eigne kjensler om å hoppe inn i det ukjende metafysisk sett. Musikalsk førte påverknaden til Nile Rodgers til ein funk-aktig stil, sjølv om songen òg syner innverknad frå samtidig jazz, med ein solo frå avant-jazz-trompetisten Lester Bowie.
Som den første singelen frå albumet vart «Jump They Say» kraftig marknadsført av det nye selskapet til Bowie, Savage Records (via Arista Records i Europa). Ein påfallande musikkvideo vart laga av Mark Romanek, som synte Bowie som ein forretningsmann som vert paranoid av kollegaene sine, som tilsynelatande utfører eksperiment på han og tvinger han til å hoppe frå taket av bygningen til selskapet. Videoen var kraftig påverka av Jean-Luc Godard-filmen Alphaville frå 1965, samt Chris Marker-filmen La jetée og Orson Welles-filmen The Trial - begge frå 1962. Påverknad frå Stanley Kubrick-filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968 er òg synleg. Sjølv om songen ikkje var den første Bowie gav ut etter Tin Machine, vart han marknadsført som eit comeback og nådde 9. plass i Storbritannia, den første Topp 10-singelen hans sidan «Absolute Beginners» i 1986, og den siste han har hatt så langt.
Bowie valte å ikkje turnere etter Black Tie White Noise, men songen vart spelt på Outside Tour i 1995.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
7”-versjonen [endre]
- «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53
- «Pallas Athena» (Don't Stop Praying Mix) – 5:36
12": Arista / 74321 139421 (EU) [endre]
- «Jump They Say» (Hardhands Mix) – 5:40
- «Jump They Say» (Full album version) – 4:22
- «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
- «Jump They Say» (Dub Oddity Mix) 4:44
12": Arista / 74 321 13 69 61 (EU) [endre]
- «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05
- «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32
- «Jump They Say» (JAE-E Dub) – 4:48
- «Jump They Say» (Leftfield remix) – 7:41
- «Jump They Say» (Dub Oddity, another Leftfield remix) – 5:36
- «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36
CD: Arista / 74321 13696 2 (EU) [endre]
- «Jump They Say» (Radio edit) – 3:53
- «Jump They Say» (JAE-E edit) - 3:58
- «Jump They Say» (Club Hart remix) – 5:05
- «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
- «Pallas Athena» (Album version) – 4:40
- «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36
CD: Arista/ 74321 139422 (UK) [endre]
- «Jump They Say» (7” version) – 3:53
- «Jump They Say» (Hard Hands Mix) – 5:40
- «Jump They Say» (JAE-E Mix) – 5:32
- «Pallas Athena» (Don’t Stop Praying Mix) – 5:36
CD: Arista / 74321 139432 (UK) [endre]
- «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Mix) – 8:28
- «Jump They Say» (Brothers in Rhythm Instrumental) – 6:25
- «Jump They Say» (Leftfield 12" vocal) – 7:42
- «Jump They Say» (Full album version) – 4:22
Medverkande [endre]
Lister [endre]
| Liste | Plassering |
|---|---|
| Storbritannia | 9 |
| Canada | 12 |
| Nederland | 17 |
Andre utgjevingar [endre]
- Albumversjonen finst på samleplata Bowie: The Singles 1969-1993
- Leftfield 12" vocal mix vart gjeven ut på den britiske utgåva av singelen «Little Wonder» i januar 1997 som kom i begrensa opplag.
- «JAE-E edit» (kalla «alternate mix») vart gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva av Black Tie White Noise.
- På bonusplata som følgde 2003-utgåva av Black Tie White Noise, er det med tre remiksar av «Jump They Say»: «Rock Mix», «Brothers in Rhythm 12" Remix» og «Dub Oddity».
Andre versjonar [endre]
- Death to the Legion - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jump They Say» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5