Jump blues
| Jump blues | |
|---|---|
| Stilmessig opphav: | Blues storband swing Boogie Woogie |
| Kulturelt opphav: | Seint i 1930-åra |
| Typiske instrument: | saksofon, massingblåseinstrument, rytmegitar, piano, akustisk bass, trommer |
| Populær periode: | USA, 1940-åra til tidleg i 1950-åra |
| Blandingssjangrar | |
| Rock, rock and roll, rhythm & blues | |
Jump blues er ein livleg, rask blues vanlegvis spelt av små band med blåseinstrument. Han var særs populær i 1940-åra. I nyare tid har det vore fornya interesse i jump blues som ein del av swing revival.
Opphav [endre]
Jump blues vart utvikla av storband som banda til Lionel Hampton og Lucky Millinder. Desse spelte tidleg i 1940-åra og produserte musikarar som Louis Jordan, Jack McVea, Earl Bostic og Arnett Cobb.[1]
Blues og jazz var ein del av den same musikalske verda, og mange dyktige musikarar stod i begge leirar.[2] Jump blues, eller berre «jump», var ei utviding av boogie woogie-bølgja.[3] Jump-band som Tympany Five, som starta samstundes med at boogie woogie igjen vart populært, fekk maksimal effekt med ein eight-to-the-bar boogie-woogie-stil.[4]
Ei tidleg jump blues-innspeling er Boogie Woogie Bugle Boy (1941) av The Andrews Sisters.
Lionel Hampton spelte inn ein livleg storband-blues, «Flying Home», i 1942. Han har ein sordin, skrikande tenorsaksofon og songen var ein hitt i «rasekategorien».[5] Då han kom ut skildra Billboard melodien som «ein uvanleg swingete song»[6]
Både Hampton og Jordan kombinerte den populære boogie woogie-rytmen, ein meir bestemt versjon av saksofonstilen frå swing-tida som ein kan høyre med Coleman Hawkins og Ben Webster, og leikande, muntre tekstar eller verbale merknader.[5] Etter kvart som denne jazz-baserte musikken vart meir populær, byrja både bluesartistar og jazzmusikarar som ønskte å «spele for folket» å nytte ein tung, pågåande rytme.
Jump oppnår med tre blåseinstrument og ein rytmeseksjon det eit storband gjer med eit ensemble på seksten. Tenorsaksofonen er det mest markante instrumentet i jump.[7]
Jump var enormt populært seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra med artistar som Louis Jordan, Big Joe Turner, Roy Brown, Billy Wright og Wynonie Harris.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jump blues» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Undersjangrar | Boogie-woogie · Countryblues · Deltablues · Elektrisk blues · Fife and drum-blues · Jump blues · Klassisk kvinneleg blues ·Pianoblues |
| Blandingssjangrar | Bluesrock · Jazzblues · Punkblues · Soulblues |
| Regionale miljø | Britisk blues · Kanadisk blues · Chicagoblues · Detroitblues · East Coast blues · Kansas City blues · Louisianablues · Memphisblues · New Orleans-blues · Piedmontblues · St. Louis-blues · Swamp blues · Texasblues · West Coast blues |