Jumpin’ Jack Flash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jumpin’ Jack Flash
Singel av The Rolling Stones
Utgjeve 24. mai 1968
Innspelt Mars–april 1968
Sjanger Rock
Lengd 3:43
Selskap Decca F.12782 (UK)
London 45.908 (US)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi
«She’s a Rainbow»
(1967)
Jumpin’ Jack Flash «Street Fighting Man»
(1968)

«Jumpin’ Jack Flash» er ein song av The Rolling Stones, som kom ut som singel i 1968. Han vart av musikkmagasinet Rolling Stone kalla «ein overnaturleg deltablues via Swinging London»[1] og songen vert rekna som ein retur til blues-røtene til bandet etter den psykedeliske musikken som hadde prega dei førre albuma Between the Buttons og Their Satanic Majesties Request.[2] Songen er ein av dei mest populære og lettast gjenkjennelege songane til bandet, og har vorte nytta i mange filmar og er med på mange samleplater.

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og innspelt under innspelinga av Beggars Banquet i 1968 (men var ikkje med på dette albumet).

Richards har fortalt at han og Jagger skreiv teksten medan dei var på landstaden til Richards, der dei vakna ein morgon av gartnaren Jack Dyer som gjekk forbi vindauga deira. Då Jagger spurte kva som lagde lyd, svarte Richards «Oh, that's Jack – that’s jumpin’ Jack.»[3][4] Ein jumping jack er eit gammal leiketøy, ein sprellemann.

I sjølvbiografien sin, Stone Alone, hevdar Bill Wyman at det var han som kom på det særeigne gitarrifett i songen på eit orgel, men at han ikkje vart kreditert for dette.[3]

På studioutgåva av songen spelte Richards bass og gulvtamtam, samt akustisk og elektrisk gitar. Jagger hadde solovokal og maracas, Brian Jones spelte akustisk gitar, Charlie Watts var på trommer og Bill Wyman spelte orgel. Ian Stewart medverka med piano og produsent Jimmy Miller var med Jagger og Richards på korvokal.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen kom ut 24. mai 1968 med «Child of the Moon» som B-side og gjekk rett til topps på den britiske singellista og til tredjeplassen i USA og Noreg.

The Rolling Stones har spelt «Jumpin’ Jack Flash» på kvar einaste turne sidan han kom ut, og er av dei songane bandet har spelt flest gonger.[5][6]. Han har vore gjeve ut på konsertalbuma Get Yer Ya-Ya’s Out!, Love You Live, Flashpoint og Shine a Light. Introen vert vanlegvis ikkje spelt på konsertane, men i staden startar dei rett på hovudriffet.

I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på andreplass på lista deira over dei største gitarsongane gjennom tidene. I 2004 låg songen på 124. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. VH1 plasserte songen på 65. plass på lista deira over dei 100 største rockesongane gjennom tidene.[7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jumpin' Jack Flash». Rolling Stone. 4. desember 2007
  2. Unterberger, Richie. «Jumpin' Jack Flash». allmusic.
  3. 3,0 3,1 McPherson, Ian. Track Talk: Jumpin' Jack Flash.
  4. The Rolling Stones - Four Flicks DVD - Warner Music Vision (2003)
  5. Galbraith, Gary. The Rocks Off Rolling Stones Setlists Page.
  6. Zentgraf, Nico. The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008.
  7. 100 Greatest Songs of Rock & Roll (80-61).