Jungel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jungel i Box Log Falls, Lamington Nasjonalpark, Queensland, Australia

Ein jungel er ein tett skog i eit varmt klima, slik som tropisk regnskog. Namnet stammar frå sanskrit jangala.

Ordet jungel vert nytta i mange språk på det indiske subkontinentet om tropisk regnskog eller sumpland. Ikkje alle skogar som blir kalla junglar er regnskogar; mange vil nytta ordet jungel om skogane i det nordlege Thailand eller det sørlege Guangdong i Kina, som i vitskapleg forstand er monsunskogar.

Jungel vert òg nytte i overført tyding som «ein jungel av lover og reglar».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.