Juoksengi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 66°34′1.6032″N 23°50′44.970″E

Juoksengi

Juoksengi er ein tettstad i Övertorneå kommun i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 401 innbyggjarar.

Den nordlege polarsirkelen, som passerer gjennom austsida av tettstaden, har gjeve Juoksengi kallenamnet «polarsirkelbyen». På finsk side av grensa ligg tettstaden Juoksenki, berre nokre hundre meter frå Juoksengi. Desse to var éin by inntil 1809, då han vart delt av den nye riksgrensa. Finnane kaller begge stadane Juoksenki.

Fotballklubben i staden heiter Pol/Svan (PSSF). Laget spelar heimekampane på Polvallen like ved Polcirkelhuset.

Ved fjellet Littisvaara, i den nordlege delen av bygda, er det lysløype og skytebane. Om vinteren vert det køyrd opp fleire langrennsløyar med utgangspunkt frå Littisvaara.

Nabobygder er Svanstein i nord, Vyöni i vest, Vanhaniemi i sør og Juoksenki på finsk side av Torneälven.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]