Jupitermånen Amalthea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amalthea
Galileo-bilete av Almathea
Oppdaging[1]
Oppdaga avEdward Emerson Barnard
Oppdagingsdato9. september 1892
Baneskildring[2]
181 400 km
Eksentrisitet0,0032
0,498 dagar
Banehelling0,38°
Satellitt avJupiter
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar131 × 73 × 67 km[2]
Snittdiameter
166,9 km[2]
87 510,98 km²[2]
Masse2,0682 × 1018 kg[2]
0,849 g/cm³[2]
0,020 m/s²[2]
207 km/t[2]
bunden[2]
Albedo0,09 (synleg geometrisk)[3]

Amalthea er ein av månane til planeten Jupiter. Han blei oppdaga 9. september 1892 av Edward Emerson Barnard, som den siste månen som blei oppdaga ved direkte observasjon — alle jupitermånar som er oppdaga sidan, har blitt fotografert før det fyrste menneskelege auget så dei. I mange år hadde Amalthea ikkje noko offisielt namn, berre Jupiter V; den femte månen til Jupiter, etter det nummereringssystemet som Galileo Galilei innførte da han oppdaga dei fire galileiske månane. Fyrst i 1975 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen å oppkalle han etter nymfa Amalthea frå den greske mytologien, sjølv om namnet blei foreslått av Camille Flammarion og bruka uoffisielt i fleire tiår før det offisielle vedtaket.

Amalthea er den største av fire månar som krinsar i tronge banar tett kring Jupiter, og under eitt vert dei omtala som amaltheagruppa. Månen er ein irregulær, kraftig raud blokk av is eller frosne gassartar; enda meir raud enn planeten Mars. Avhengig av kvar ein måler han, har Amalthea ei utstrekking på mellom 150 og 270 kilometer, og overalt på denne lille kloden kan ein sjå talrike krater som er temmeleg store i forhold til den lille månen: Det største vert kalla Pan, og er 100 kilometer i diameter og 8 kilometer djupt, mens eit anna, kalla Gæa, er 80 kilometer i diameter og kanskje dobbelt så djupt som Pan. Langs kraterkantar og andre ujamnheiter er nokre svært grøne parti synlege på overflata, men ein veit ikkje noko om kva dei er.

Den uregelmessige fasongen fekk astronomane til å gjette på at Amalthea er ein temmeleg solid klippeblokk; viss han bestod av is eller tilsvarande svake material, ville tyngdekrafta hans ha dratt han saman til noko nærmare kuleform.

Mot slutten av ferda til romsonden Galileo sendte ein sonden tett forbi Amalthea for å sjå kor mykje tyngdekrafta til månen ville avbøye banen til sonden, og slik bestemme massen hans. Samanlikna med månens volum fekk ein ein overraskande låg tettleik, omtrent det same som vassis: Anten er Amalthea ein solid klump is, eller så er han ein svært laus «grushaug» med ein masse tomme mellomrom mellom «gruspartiklane». Nye observasjonar gjort med Subaru-teleskopet tyder på at Amalthea faktisk består av is. I så fall er han ikkje skapt i den omløpsbanen han har nå, for i ei fjern fortid har Jupiter vore temmeleg varm, og ville ha smelta ein sånn ismåne. Derfor gjettar ein på at det er tale om ein innfanga småplanet.

Som alle dei andre medlemene av amaltheagruppa har Amalthea bunden rotasjon, dvs. han dreiar om seg sjølv nøyaktig like raskt som han krinsar om Jupiter, med det resultatet at den ene av dei «lange endane» til månen alltid peikar mot Jupiter. På same måte som jupitermånen Io sender Amalthea meir varme ut enn han mottar frå sola, og ein reknar med at dette skriv seg frå den elektriske straumen som vert skapa når Amalthea beveger seg gjennom magnetfeltet til Jupiter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Amalthea: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
  3. Jovian Satellite Fact Sheet - NSSDC