Jura i Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jura
Lokalt namn: Diùra 
Geografi
Jura i Skottland is located in
Jura i Skottland ()
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°4′59″ N 5°45′0″ WKoordinatar: 56°4′59″ N 5°45′0″ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 366,92 km²
Høgaste punkt Beinn an Òir (785 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Største busetnad Craighouse
Demografi
Folketal 188 (2001)
Folketettleik 0,5 /km²

Jura (skotsk-gælisk Diùra) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland, like ved og nordaust for Islay. Øya har status som National Scenic Area. Fram til 1900-talet var Jura dominert av Campbell-klanen frå Inveraray Castle i Loch Fyne. På første halvdel av 1900-talet selde dei gradvis øya som fleire separate eigedomar. Jura består no av seks eigedomar: Ardfin, Inver, Jura Forest, Ruantallain, Tarbert og Ardlussa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Jura
Jura.PNG

Med eit areal på 366 kvadratkilometer og berre 188 innbyggjarar har Jura mykje lågare folketettleik enn naboøya Islay. Faktisk har berre øya Rùm lågare folketettleik av dei busette øyane i Skottland.[1] Den største landsbyen er Craighouse på austsida. I Craighouse ligg det einaste destilleriet på øya, som produserer Isle of Jura-whisky. Her ligg òg det einaste hotellet på øya, ein butikk og ei kyrkje.

Til å vere så pass stor med så mange innbyggjarar og så nær fastlandet, har Jura inntil nyleg likevel ikkje hatt ferjesamband til fastlandet. Hovudvegen til Jura er frå naboøya Islay og ei lita bilfeje går mellom Port Askaig på Islay og Feolin Ferry på Jura. Dei siste åra har det i tillegg gått ein passasjerbåt mellom Craighouse og Tayvallich på fastlandet om sommaren.[2]

Vestsida av Jura har ikkje permanente busetnader, men her ligg fleire strandvollar. Mellom nordenden og øya Scarba ligg Gulf of Corryvreckan der kraftige tidvasstraumar skapar farlege malstraumar.

Øya har ein stor bestand av kronhjort og ein trur at namnet Jura kjem frå det norrøne ordet hjörtr, stom tyder hjort.

To av fjelltoppane på Jura sett frå Caol Ìla på Islay.
Ura på toppen av Beinn an Òir
Beinn Shiantaidh frå sør

Fjell på Jura[endre | endre wikiteksten]

Øya er dominert av tre bratte fjell på vestsida, kalla Paps of Jura, som stig opp til 785 meter over havet.

  • Beinn an Òir (gælisk for Gullfjellet) er den høgaste toppen med ei høgd på 785 meter over havet.
  • Beinn Shiantaidh (gælisk for Det heilage fjellet) har ei høgd på 755 moh.
  • Beinn a' Chaolais (gælisk kyle-fjellet) er det lågaste av desse, 734 moh.

Fjella dominerer landskapet i regionen og ein kan sjå dei frå Mull of Kintyre og på klåre dagar frå Skye og Nord-Irland.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Som alle dei busette øyane i Hebridane har Jura sin eigen gæliske song- og dikttradisjon.[3][4]

Mot nordenden av Jura ligg Barnhill, eit aude hus der romanforfattaren George Orwell levde dei siste åra av livet sitt. Det var her han skreiv ferdig 1984 før han døydde av tuberkulose[5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jura i Skottland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_islands_of_Skottland
  2. «Jura Passenger ferry Website». http://www.jurapassengerferry.com/. Henta 15. februar 2010. 
  3. Simon Ager. «Toirt m' aghaidh ri Diùra». Omniglot. http://www.omniglot.com/songs/gaelic/ohuiribh.php. Henta 15. februar 2010. 
  4. «Da Thaobh Loch Seile». all celtic music. http://www.allcelticmusic.com/music/5b7c6292-f86f-102a-8020-000f1f67beb1/Da+Thaobh+Loch+Seile.html. Henta 15. februar 2010. 
  5. Bowker, Gordon (2004). George Orwell. London: Abacus.