Jurij Kasjkarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jurij Fjodorovitsj Kasjkarov (russisk: Юрий Фёдорович Кашкаров) (fødd 4. desember  1963) er ein russisk, tidlegare skiskyttar frå Khanty-Mansijsk som representerte Sovjetunionen og seinare Russland. Han vart individuell verdsmeister på 20 km i 1985. Mellom 1983 og 1991 vann han med Sovjetunionen sju medaljar i stafett-tevlingar i VM og OL, fire i gull og tre i sølv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kasjkarov fekk sin VM-debut som 19-åring i 1983. Etter eit godt løp på 20 km fekk han plass på Sovjetunionen sitt stafettlag, eit lag som vart verdsmeistrar. Året etterpå, i 1984, var han med på det sovjetrussiske stafettlaget som gjekk til topps i vinter-OL i Sarajevo. Han gjorde så sin beste sesong i 1985, då han vann gullmedaljar på 20 km og i stafett under VM i Ruhpolding. Same sesongen kom han på andreplassen i verdscupen i skiskyting, bakom verdscup-sigraren Frank-Peter Roetsch som representerte DDR. I VM 1986 tok Kasjkarov si fjerde strake gullmedalje i stafett-øvinga, året etter fekk han sitt fyrste VM-sølv i stafett, ein prestasjon han og lagkameratane gjentok i 1989 og 1991. Under VM 1989 i Feistritz vann han si andre individuelle VM-medalje, ein bronse, slått av vinnaren Frank Luck frå DDR og norske Eirik Kvalfoss.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar