Jury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jury eller lagrette er nemningar som vert nytta i ymse samanhengar om eit utval av personar som har fått mandat til å avgjere saker innanfor eit fastsett saksområde.

Jury i domstolane[endre | endre wikiteksten]

Etter lova i mange land skal ein jury, eit utval av lekfolk (det vil seie folk som ikkje er juristar), avgjere under rettargangen om ein person som er tiltalt for eit brotverk er straffeskuldig eller ikkje. Det er ofte stor skilnad frå land til land på kva slags type lovbrot og under kva slags vilkår det krevst jury under førehavinga av straffesaker i domstolane. I Noreg gjeld dette berre i straffesaker som står for lagmannsretten, og dersom strafferamma for lovbrotet er på meir enn seks års fengsel, og då vert juryen kalla lagrette. I England, og i andre land som hadde engelsk rettssystem som førebilete, var det tidlegare òg ein ordning med tiltalejury, såkalla grand jury (storjury), som avgjorde om prova var sterke nok til å reise tiltale mot ein som var mistenkt for eit brotverk. Dersom tiltale vart reist, vart skuldspørsmålet avgjort på ordinær måte under rettargangen av ein annan jury.

Anna bruk av omgrepet «jury»[endre | endre wikiteksten]

Nemninga jury vert elles nytta i fleire andre samanhengar som ikkje har med rettssystemet å gjere. Det er vanleg å omtale som «jury» mange av dei utvala som avgjer tevlingar av ymse slag der det krevst ei skjønnsmessig vurdering for å kåre sigraren, som til dømes i idrettstevlingar som kunstløp på skeiser, turn, skihopping osb.

Ein jury vert òg ofte oppnemnd for å avgjere tevlingar som gjeld kunstnariske framføringar eller arbeid av ymse slag, arkitekttevlingar om utforminga av bygningar og av planar for nye bydelar, kven som skal få sine kunstnariske arbeid utstilt på ein kunstutstilling, kven som er best i songtevlingar, orkestertevlingar osb. Til dømes er det ein jury som avgjer kven som skal få prisen for beste film, Palme d'Or (Gullpalmen), under Filmfestivalen i Cannes i Frankrike.

Meir eller mindre presis bruk av nemninga «jury» vert elles ofte nytta om dei som avgjer spissfindige tevlingar mellom deltakarar i underhaldningsprogram i radio og fjernsyn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Lagrette, synonym særleg nytta i norsk strafferett.