Jussi Björling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jussi Björling

Jussi Björling ved ein av sine siste opptredenar, eit par veker før han døydde, på Skansen i Stockholm den 20. august 1960.
Fødd5. februar 1911
FødestadStora Tuna
Død9. september 1960 (49 år)
DødsstadEngelbrekt
FødenamnJohan Jonatan Björling
AliasErik Odde
OpphavSverige
Aktiv1930–1960
SjangerOpera
Instrumentvokal
StemmetypeTenor
Verka somSongar
FarDavid Björling
Gift medAnna-Lisa Björling
BornRolf Björling, Ann-Charlotte Björling
PrisarLitteris et Artibus

Johan Jonatan «Jussi» Björling (5. februar 19119. september 1960) var ein svensk tenorsongar som er rekna som ein av dei største operasongarane på 1900-talet. Han blei tildelt Litteris et Artibus i 1945.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jussi vart fødd i Borlänge i Dalarnas län som son av songaren David Björling og Ester Björling, fødd Sund. Saman med brørne Olle og Gösta fekk Jussi songundervising av faren. Jussi debuterte då han var fem år gammal, og saman med brørne og faren turnerte han i Sverige og USA som Björlingkvartetten. Etter at faren døydde måtte han arbeida som visargut i Ystad, men blei sett i kontakt med operasongaren Martin Öhman, som han prøvesong for i 1928. Same året blei han teken opp ved Kungliga Musikaliska Akademiens konservatorium i Stockholm, der han hadde John Forsell og Tullio Voghera som lærarar.

Byste av Björling utanfor Jakobs kyrka i Stockholm, utført av Pieter de Monchy.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Björling debuterte på Stockholmsoperaen som nittenåring. Han første operarolle var ein mindre rolle, som lyktetennar i Manon Lescaut av Puccini, den 21. juli 1930. Ein månad seinare hadde han ei større rolle som Don Ottavio i Don Juan av Mozart. Han var deretter tilknytt Stockholmsoperaen i ni år, fram til 1939.

Fleire suksessrike opptredenar gjorde at han fekk engasjement i utlandet, mellom anna i Chicago og Buenos Aires. Han vitja også Noreg fleire gonger. I 1937 hadde Björling sin første opptreden i Carnegie Hall, og året etter i Metropolitan Opera i New York. Han var sidan knytt til Metropolitan-operaen i fleire sesongar. Björling blei ein av hovudattraksjonane ved Metropolitan i 40- og 50-åra, med eit avbrot under andre verdskrigen. Han song nesten kvar tenorrolle på det franske og italienske repertoaret. På operasenane song han særleg det italienske repertoaret, og ein av hans mest kjente roller var hertugen av Mantova i Rigoletto av Verdi og Rodolfo i La Bohème av Puccini. Björling blei både rekna som ein av dei største dålevande operasongarane og blei ein svært folkekjær figur, særleg i Norden og USA. 29. november 1959 blei han tildelt Grammy-prisen for beste klassiske vokal for albumet Bjoerling in Opera.

Den best kjende innspelinga til Björling er hans tolking av «O helga natt», som blei sunge inn halvtanna år før han døydde, og som framleis blir mykje spelt rundt juletider. Björling hadde elles eit breidt repertoar som også omfatta romansar og populære songar. Björling framførte også meir slageraktig musikk under løyndenamnet Erik Odde. Han spelte også i filmar, som Fram för framgång (1938), Resan till dej (1953) som seg sjølv, og den første fjernsynsinnspelinga av Verdi-operaen Don Carlo (1950).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Björling hadde fleire barn. Med Ingrid Anna Linnéa Hellström (1907-53) fekk han sonen Rolf Björling (1928), som også blei operasongar og tenor.

Jussi Björling gifta seg med Anna-Lisa Berg i 1935. Med henne fekk han ungane Anders (1936) Lars (1939) og Ann-Charlotte Björling (1943).

Han fekk dottera Kickie (Birgitta Kickie Hansson) med ungdomkjærasten Eva Zander (1901–1995) i 1936. Kickie blei adoptert ved fødselen av den økonomiske rådgjevaren til Björling, advokaten Gösta Hansson og kona Ebba Falck-Hansson.

Død[endre | endre wikiteksten]

Familiestaden Siarö i Stockholms skjergard der Björling døydde.

15. mars 1960 fekk Björling hjarteinfarkt like før han skulle på senen i Royal Opera House i London. Han greidde å synga denne kvelden, men var sterkt svekka og døydde seks månader seinare, 49 år gammal. Han var på familien sitt sommarhus på Siarö i Stockholms skjergard då han fekk eit nytt infarkt natt til 9. september same året. Gravferdsseremonien fann stad ti dagar seinare i Engelbrektskyrkan i Stockholm. Han blei overført direkte på svensk fjernsyn og radio. Jussi Björling er gravlagd i Stora Tuna ved fødestaden sin i Dalarna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Jussi_Björling» i Store norske leksikon, snl.no.