Justøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Justøy
Geografi
Norway - Justøya.png
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°12′33″N 08°21′40″EKoordinatar: 58°12′33″N 08°21′40″E
Areal 7,9 km²
Høgaste punkt Ureheia (66 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Aust-Agder

Justøy er ei øy og eit sokn i Vestre Moland prestegjeld og Lillesand kommune i Aust-Agder. Namnet kjem frå norrønt Jóstr.

Justøy har brusamband til fastlandet og spreidd busetnad. På øya ligg den gamle uthamna Brekkestø, eit minne om seglskutetida på Skagerrakkysten.

Justøy har eit areal på 7,9 km². Øya er i stor grad prega av sommarturisme, men har òg ein del av fastbuande. Det finst ein Montessoriskule, kapell, kyrkjegard, campingplass på øya, samt sommaropen butikk i Brekkestø.

På Nyberg, like ved Brekkestø, er det ruinar frå den andre verdskrigen. Eit tysk forsvarsanlegg med bunkersar ligg der. Det vart bygd av norske krigsfangar. Dette anlegget heitte Festung Björkestraße.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]