Just One of Those Things

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Just One of Those Things» er ein song skriven av Cole Porter for musikalen Jubilee i 1935.

Songen vart seinare framført i Doris Day-filmane Lullaby of Broadway (1951) og Young at Heart (1954).

Påverknad på popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte ein standard i American Songbook og det er gjort mange innspelingar av songen. Av artistane som har spelt inn songen finn ein Ella Fitzgerald, Louis Armstrong, Billie Holiday, Sarah Vaughan, Bing Crosby, Doris Day, Lena Horne, Frank Sinatra, Mel Torme, Louis Prima, Diana Krall, John Barrowman, Lionel Hampton, Claude Bolling, Oscar Peterson, Sidney Bechet, Nellie McKay, Erin McKeown, Joan Morris, Jamie Cullum go The Pogues med Kirsty MacColl. Nat King Cole spelte han inn som tittelsporet i 1957 på albumet hans Just One Of Those Things. Peggy Lee spelte inn ein stilmessig arrangert versjon som nådde toppen av lista i 1950-åra. Maurice Chevalier tok med songen i ein Cole Porter-medley på farvellalbumet hans, som kom ut på 80-årsdagen hans. Shirley Bassey spelte inn songen i 1963 for EPen In Other Words....

Den siste episoden av M*A*S*H henta namnet sitt frå ei linje i songen, «Goodbye, Farewell and Amen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]