Justin Hayward
| Justin Hayward | |
Justin Hayward in 2007 |
|
| Verkeleg namn | Justin Hayward |
| Fødd | 14. oktober 1946, Swindon i Wiltshire i England |
| Instrument | Gitar, piano vokal, mandolin, sitar |
| Sjanger | Rock |
| Aktive år | 1965 til i dag |
| Yrke | Musikar, låtskrivar |
| Tilknytte artistar | The Moody Blues |
| Plateselskap | Pye Records Parlophone Threshold Records Deram Records Polydor CMC International Trax Records Towerbell Records Armou Records |
| Kjende instrument | |
|---|---|
| Gibson ES-335 | |
Justin Hayward (fødd 14. oktober 1946) er ein engelsk musikar, mest kjend som songar, låtskrivar og gitarist i rockebandet The Moody Blues.
Hayward starta karrieren i lokale band i Swindon. I 1966 svarte han på ei annonse i Melody Maker, sett ut der av Eric Burdon frå The Animals, og Hayward vart kontakta med Mike Pinder frå The Moody Blues etter at Burdon hadde gjeve brevet til Hayward og demoopptaka til Pinder. Etter nokre få dagar hadde Hayward erstatta vokalist og gitarist i Moody Blues, Denny Laine, som hadde slutta. Bassist John Lodge erstatta samstundes Rod Clarke som hadde spelt ei stund for bassit Clint Warwick, som hadde slutta på same tid.
Då Hayward og Lodge kom inn i bandet, i lag med at Pinder starta å nytte mellotron, gav det bandet stor kommersiell suksess mot slutten av 60-åra. I 1967 gav dei ut albumet Days of Future Passed, eit av dei første og mest influerande symfoniske rockealbuma, med Hayward-songane «Tuesday Afternoon» og «Nights in White Satin». Sistnemnde selde etter kvart over to millionar eksemplar, og gjekk inn på singellista i Storbritannia tre gonger (1967, 1972 og 1979).
Hayward vart frontmann i gruppa i perioden 1967-1974, og skreiv fleire songar og hitsinglar enn dei andre i bandet.
I 1980-åra skreiv Hayward òg musikk for film og fjernsyn, mellom anna kjenningsmelodien til BBC2-serien Star Cops.
Justin Hayward har i tillegg til albuma med The Moody Blues òg gjeve ut fleire soloalbum.
Solo diskografi[endre]
- Blue Jays (1975) med John Lodge
- Songwriter (1977)
- Night Flight (1980)
- Moving Mountains (1985)
- Classic Blue (1989) med Mike Batt
- The View from the Hill (1996)
- Live in San Juan Capistrano (1998)
- Justin Hayward and Friends Sing the Moody Blues Classic Hits (2003)
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Justin Hayward» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: