Justis- og beredskapsdepartementet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Justisdepartementet)
Justis- og beredskapsdepartementet, i daglegtale Justisdepartementet, styrer justisvesenet i Noreg med ansvar for politi og påtalemakt. Departementet har som hovudmål å sikra tryggleiken til samfunnet og enkeltmennesket, og at rettstryggleiken for kvar enkelt blir oppretthalden.
Justisdepartementet blei oppretta 17. november 1818 då 2. departement for justisvesenet og 3. departement for politisaker blei slått saman. I 1940 blei departement delt i to av NS-regjeringa til Justisdepartementet og det utvida Politidepartementet.
Innhaldsliste |
Justisdepartementet i dag [endre]
Departementet har desse avdelingane:
- Plan- og administrasjonsavdelinga
- Politiavdelinga
- Sivilavdelinga
- Lovavdelinga
- Kriminalomsorgsavdelinga
- Rednings- og beredskapsavdelinga
- Polaravdelinga
i tillegg til ei informasjonseining og analysestab. Rundt 270 er tilsette i departementet (2005).
Politisk leiing [endre]
Grete Faremo har vore statsråd og leiar for departementet sidan 11. november 2011.