Justo Villar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Justo Villar
Personleg informasjon
Fullt namn Justo Wilmar Villar Viveros
Fødd 30. juni 1977
Fødestad Cerrito
Høgd 180 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Estudiantes
Nummer 1
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1996-99
2001-04
2004-08

2008-11
2011-
Paraguay Sol América
Paraguay Club Libertad
Argentina Newell's Old Boys
Spania Real Valladolid
Argentina Estudiantes
119 (0)
109 (0)

135 (0)
44 (0)
2 (0)
Landslag
1999- Paraguay Paraguay 93 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. juli 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 25. juli 2011

Justo Wilmar Villar Viveros (fødd 30. juni 1977 i Cerrito i Ñeembucú-departementet) er ein paraguayansk fotballspelar og keeper for Paraguay sitt landslag og Estudiantes i Argentina.

Villar begynte karrieren sin i klubben Club Sol de América i hovudstaden Asunción. I 2001 gjekk han til den større hovudstadsklubben Club Libertad, der han vart seriemeister to år på rad i 2002 og 2003. Han vart kåra til årets spelar i Paraguay i 2004. Same året gjekk han til klubben Newell's Old Boys i Argentina. I første sesongen sin der vart han kåra til årets keeper i Argentina.

14. juli 2008 vart Villar presentert som Real Valladolid-spelar, og flytta til Europa og spansk 1. divisjon. I den første sesongen sin der spelte han i 15 ligakampar.

Villar fekk den første A-landskampen sin i 1999. Han var med i troppen til fotball-VM i 2002 som reserve for den legendariske José Luis Chilavert. I fotball-VM i 2006 spelte han frå start i Paraguay sin første kamp mot England, men etter sju minutt vart han skada, og var ute resten av turneringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]