Jutulsessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°2′S 2°41′E
Jutulsessen
nunatak
none  Troll
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Fjellkjede Gjelsvikfjella
stad Dronning Maud Land
 - høgd 2 370 moh
 - koordinatar 72°2′S 2°41′E
Administrert under Antarktistraktaten
Jutulsessen is located in Antarktis
Jutulsessen (Antarktis)

Jutulsessen er ein nunatak i Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det ligg på Kronprinsesse Märtha Kyst, 2,5 km frå kysten og Kong Haakon 7 Hav. Den norske forskingsstasjon Troll og den tilknytte Troll satellittstasjon ligg ved Jutulsessen. To radarkuplar som høyrer til stasjonen står på toppen av fjellet. I nærleiken ligg Troll lufthamn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jutulsessen er ein nunatak med ei høgd på 2370 meter over havet. Det ligg 13 km nord for Terningskarvet.[1] Jutulsessen ligg i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land, som Noreg gjer krav på som biland.[2] Basen ligg på 1270 meter over havet og er fullstendig omgjeve av det antarktiske isdekket.[3] Jutulsessen ligg 2,5 km frå kysten av Kong Haakon 7 Hav.[3]

Fjellområdet er hesteskoforma, med ein isbre og dalbotnen Sætet i nord. Dei to armane av fjellet strekkjer seg nordover. Ved den vestlege armen ligg Troll. Den austlege armen er lengre og består av det smale Jutulhogget og det breiare Armlenet. Lenger nord ligg det isolerte området Stabben.[4] Blåfallet er eit isfall på vestsida av Knokane,[5] ein rygg på Armlenet.[6] Jutuldalen er ein dal i Armlenet,[7] med isfallet Staupet i vest.[8] På Armlenet ligg òg isbreen Ringfingerbreen.[9] Søraust for Sætet ligg den breie dalen Brudgedalen,[10] og mot søraust ligg ryggen Brudga.[11] Dei tre fjelltoppane nærast Troll er Trolltindane, med Trolltinden som den høgaste.

Området har eit kaldt og tørt klima og ligg i ein isørken. Den årlege middeltemperaturen er -25 ºC og om sommaren kan temperaturen nå 0 ºC. På vinteren er temperaturen ned mot -50 ºC på det kaldaste. Uvêr kan oppstå året rundt, og stundom er det umogeleg med utandørsaktivitet. Troll ligg sør for den antarktiske polarsirkelen og har midnattsol om sommaren og mørketid om vinteren.[12]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart først fotografert av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39. Det vart så kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfotografi teken i løpet av Maudheimekspedisjonen i 1949–52 og den neste norske ekspedisjonen i 1958–59. Det vart gjeve det norske namnet Jutulsessen.[1]

Noreg hadde oppretta polarstasjonen Maudheim i Antarktis i 1950. Denne låg på isen og vart berre nytta om sommaren. Etter nokre år var han så dekt av snø at det ikkje var mogeleg å grave han fram att. Då Norsk Polarinstitutt leita etter ein stad for å opprette ein ny stasjon valte dei ein stad som var snøfri i januar og februar og som var nær stålisen, slik at det kunne opprettast ein flyplass. Området vart utforska med helikopter den 11. januar 1990 og ekspedisjonen valte å opprette ein base ved foten av Jutulessen.[13] Troll vart offisielt opna 17. februar 1990.[14] Troll lufthamn vart opna den 11. februar 2005[15] og ein heilårs forskingsstasjon dagen etter.[16]

Troll[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Troll forskingsstasjon.

Stasjonen har fått namn etter dei taggete fjella i nærleiken, som liknar troll.[17] Stasjonen er eigd av den norske staten og vert driven av Norsk Polarinstitutt. Anlegga består av ein ny modul som dekkjer 300 m2 og ein gammal del som dekkjer 100 m2.[3] Troll lufthamn ligg 6,8 km frå Troll og består av ein 3300 meter lang rullebane på den blå stålisen.[18]

Av forskingsanlegga så finn ein måleinstrument for luft og aftomsfære driven av Norsk institutt for luftforskning.[19] Kongsberg Satellite Services driv Troll satellittstasjon, ein bakkestasjon der ein kan laste ned data frå satellittar i låg jordbane.[20] Meteorologisk institutt driv ein bemanna vêrstasjon.[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Jutulsessen». Geographic Names Information System. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:7713. Henta 18. mars 2013. 
  2. Kyvik (2008): 153
  3. 3,0 3,1 3,2 «Troll i ord - ord om Troll» (på norsk). Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHboUx1. Henta 13. oktober 2012. 
  4. Elvevold, S.. «Jutulsessens geologi» (på norsk). Norsk Polarinstitutt. http://geonet.npolar.no/items-Antarktis/Antarktis_Jutulsessen.html. Henta 18. mars 2013. 
  5. «Blåfallet». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Bl%C3%A5fallet?ident=903207&lang=en. Henta 18. mars 2013. 
  6. «Knokane». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Knokane. Henta 18. mars 2013. 
  7. «Jutuldalen». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Jutuldalen. Henta 18. mars 2013. 
  8. «Staupet». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Staupet?ident=903208. Henta 18. mars 2013. 
  9. «Ringfingerbreen». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Ringfingerbreen?ident=903211. Henta 18. mars 2013. 
  10. «Brugdedalen». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Brugdedalen. Henta 18. mars 2013. 
  11. «Brugda». Norsk Polarinstitutt. http://placenames.npolar.no/stadnamn/Brugda. Henta 18. mars 2013. 
  12. Hustadnes, John. «Troll». Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHjLSg0. Henta 13. oktober 2012. 
  13. Wormdal (2011): 108
  14. Kyvik (2008): 169
  15. Kyvik (2008): 153
  16. Kyvik (2008): 155
  17. Rubin, Jeff (2008). Antarktis (4th ed.). Lonely Planet. s. 305. ISBN 978-1-74104-549-9. 
  18. Solholm, Rolleiv (1 februar 2003), New norske air field i Antarktis, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 13. oktober 2012, http://www.webcitation.org/5tEIz538u, henta 23 mai 2010 
  19. «Antarktis: Troll får nye krefter». Norsk institutt for luftforskning. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHjLSg0. Henta 13. oktober 2012. 
  20. «TrollSat/Antarktis». Kongsberg Satellite Services. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHjLSg0. Henta 13. oktober 2012. 
  21. «Troll». Meteorologisk institutt. Arkivert frå originalen den 13. oktober 2012. http://www.webcitation.org/5tEHjLSg0. Henta 13. oktober 2012. 
  • Kyvik, Helga (ed.) (2008) (på norsk). Norge i Antarktis. Oslo: Schibsted Forlag. ISBN 82-516-2589-0. 
  • Wormdal, Bård (2011) (på norsk). Satellittkrigen. Oslo: Pax. ISBN 978-82-530-3450-8.