Juvasshytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°40′21.8″N 8°22′13.3″E / 61.672722°N 8.370361°E / 61.672722; 8.370361

Juvasshytta sett frå sør

Juvasshytta er ei privat turisthytte i Lom kommune i Innlandet, som ligg 1840 m.o.h. ved Juvvatnet nordaust for Galdhøpiggen i Jotunheimen.

Hytta var opphavleg bygd av fjellføraren Knud O. Vole i 1884, og vart bygd om i 1975–76. Juvasshytta har 80 senger og er eit populært utgangspunkt for turar til Galdhøpiggen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Juvasshytta» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]