Jyalí
Jyalí (gresk Γυαλί, som tyder «glas»), og kalla Yiali eller Yali er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg midt mellom sørkysten av Kos og Nísyros. Øya består av av lavadomar av rhyolittisk obsidian og pimpstein. Den nordlege delen består nesten berre av obsidian, medan den sørvestlege delen består av pimpstein. Desse er forbunde med eit smalt eid.
Øya er 6 km lang og mellom 4 km og 500 meter brei, og har mellom anna ei 180 meter lang grotte. Øya har lite vegetasjon og dei siste åra har ho heller ikkje vore busett.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gyali frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
|
|
||
|---|---|---|
|
Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou |
||