Kálamos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kálamos
Lokalt namn: Κάλαμος
Kálamos sett frå fastlandet
Kálamos sett frå fastlandet
Geografi
DE Kalamou Lefkadas.svg
Kálamos is located in Hellas
Plasseringa til Kálamos i Hellas
Stad Det joniske havet
Koordinatar 38°37′N 20°55′EKoordinatar: 38°37′N 20°55′E
Øygruppe Dei joniske øyane
Areal 20 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei joniske øyane
Levkáda
Største busetnad Kálamos (454 innb.)
Demografi
Folketal 496 (2001)
Folketettleik 27 /km²

Kálamos (gresk Κάλαμος) er ei fjellkledd øy i Hellas og Dei joniske øyane. Ho har om lag 500 innbyggjarar på vinterstid, men folketalet aukar kraftig på sommaren. Namnet Kálamos tyder halmstrå på gresk. Tidlegare var øya eigen kommune, men frå 2011 er øya ein del av Levkáda kommune i periferieininga Levkáda i periferien Dei joniske øyane.

Øya er om lag 20 km² stor og det høgaste punktet er 745 meter over havet. Den største busetnaden på Kálamos er hamnelandsbyen Kálamos på austsida av øya. Frå her går det båtsamband til Mýtikas på fastlandet. Episkopí er den einaste andre landsbyen på øya. Landsbyen Kéfali vart forlatt etter jordskjelvet i 1953, som øydela vassforsyninga, men kyrkja vert framleis nytta.

Tidleg på 1990-talet vart vassystemet ombygd, og i dag har alle husstandane innlagd vatn. Dei siste åra har alle gangstiane vorte oppgradert brulagd. Kálamos var ein gong ei fjern øy utan elektrisitet eller vatn, men har i dag alle fasilitetar som på fastlandet med to butikkar, ein skule, eit legekontor, eit postkontor, bakeri, fleire restaurantar og ein bar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei joniske øyane

Kérkyra • Erikoússa • Mathráki • Othoní • Paxí • Andípaxi • Levkáda • Kálamos • Kastós • Meganísi • Skorpiós • Itháki • Arkoúdi • Átokos • Drakonéra • Pístros • Prováti • Pontikós • Petalás • Vromónas • Mákri • Oxía • Kefaloniá • Zákynthos • Strofádes • Kýthira • Andikýthira  • Elafónisos