Kálymnos

Koordinatar: 36°59′N 26°59′E / 36.983°N 26.983°E / 36.983; 26.983
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kálymnos
Lokalt namn Κάλυμνος
Emboriós er den nordlegaste delen av Kálymnos
Emboriós er den nordlegaste delen av Kálymnos
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°59′N 26°59′E / 36.983°N 26.983°E / 36.983; 26.983
Øygruppe Dodekanesane

Areal 134,5 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Kálymnos (12 324 innb.)

Demografi
Folketal 16 179 (2011[1])
Folketettleik 120,3 /km²

Kálymnos (gresk Κάλυμνος, italiensk Càlino, tyrkisk Kilimli) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg vest for halvøya Bodrum i Tyrkia (i antikken Halikarnassos) mellom øyane Kos (12 km mot sør) og Léros (2 km mot nord). Sistnemnde er forbunde til Kálymnos via fleire småøyar. Det tek mellom to og fem timar med båt til Kálymnos frå Ródos.

Kálymnos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kálymnos er hovudstad i periferieininga.

Øya hadde i 2011 eit folketal på 16 179, som gjer Kálymnos til den tredje folkerikaste i Dodekanesane etter Kos og Ródos. Av desse budde 12 324 innbyggjarar i tettstaden med same namn.[1]

Hos grekarane er innbyggjarane kjend for velstanden sin, og ho er den rikaste øya i Dodekanesane og ei av dei rikaste av dei greske øyane.

Póthia

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er grovt forma som eit rektangel med ei lengd på 21 km og ei breidd på 13 km, og dekkjer med det eit areal på 109 km². På nordsida er det i tillegg ei halvøy som strekkjer seg nordvestover. Kálymnos er ei fjellkledd øy med tre fjellkjeder som går frå nordvest til søraust. Kystlinja er svært ujamn med mange lune bukter. Overflata består hovudsakleg av kalkstein, men i dalane finn ein òg vulkansk kalktuff, som kjem frå ein gamal vulkan nær landsbyen Kantouni. Øya har stort sett lite plantevekst, bortsett frå i dalane Vathý og Póthia, der det veks oliven, appelsiner og vinranker.

Det oppstår ofte jordskjelv rundt Kálymnos.

Øygruppa Kálymnos[endre | endre wikiteksten]

Kálymnos har ei lita naboøy kalla Télendos, som tidlegare var ein del av Kálymnos. Etter eit stort jordskjelv i år 554 evt. vart øya delt og skild frå Kálymnos av eit 800 meter langt sund.

Mellom Kálymnos og Kos ligg den litle øya Psérimos med eit areal på 11 km², ei av dei største av desse mindre øyane i Dodekanesane. Nær Psérimos ligg det ei mykje mindre øy kalla Platí, om lag 5 km mot nordaust ligg den litle øya Kalólimnos, og endå lenger aust ligg den omstridde øya Ímia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart opphavleg busett av karianarar, og i antikken var Kálymnos avhengig av Kos og har ei historie som følgjer denne øya. I mellomalderen høyrde øya til Austromarriket og på 1200-talet vart ho nytta som marinebase av Venezia. I 1310 kom ho inn under MaltesarordenenRódos og vart seinare (hovudsakleg i 1457 og 1460) åtaka av osmanarane, som erobra øya i 1522. I motsetnad til Ródos og Kos emigrerte ikkje tyrkarar til øya under den osmanske perioden.

12. mai 1912, under den tyrkisk-italienske krigen vart Kálymnos okkupert av Italia, som hadde kontroll over denne og andre øyar i området fram til den andre verdskrigen. I 1947 vart Dodekanesane og Kálymnos igjen ein del av Hellas.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Kálymnos 12 324
Pánormos 2 069
Vathýs 492
Myrtées 325
Árgos 278

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Vothýni (245)
  • Kamári (86)
  • Vlykhádia (68)
  • Emboriós (56)
  • Skaliá (41)
  • Arjinónda (17)

Småøyar i kommunen:

  • Télendos (94)
  • Psérimos (80)
  • Pláti (2)
  • Kalólimnos (2)
  • Ímia (Limniá) éna (0)
  • Ímia (Limniá) dýo (0)
  • Kalavrós (0)
  • Nerá (0)
  • Safonídi (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Kalymnos frå Wikivoyage

Kjelde[endre | endre wikiteksten]