Kármánsk virvelgate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Animasjon av ei virvelgate skapt av ein sylindrisk lekam. Straumen på kvar side av lekamen er gjeven med forskjellige fargar og syner at virvlane dannast vekselsvis bak lekamen. Av Cesareo de La Rosa Siqueira.

Kármánsk virvelgate er ei rekkje av virvlar i ein væske- eller gasstraum som strøymer på kvar side av ein sylinder (fart loddrett på sylinderaksen). Virvlane blir danna avvekslande og med jamne mellomrom på begge sider av sylinderen. Dette gjev trykkpendlinger på tvers av vindretningen og kan t.d. bringe skorsteinar i farlege svingningar. Om ein set spiralforma ribbar på utsida av den øvre delen av skorsteinen, blir svingningane oppheva.

Effekten er kalla opp etter Theodore von Kármán.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]