Kárpathos
| Kárpathos Lokalt namn: Κάρπαθος |
|
|---|---|
Levkós på Kárpathos |
|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dodekanesane |
| Areal | 330 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Kárpathos |
| Demografi | |
| Folketal | 5 400 (2001) |
| Folketettleik | 16 /km² |
Kárpathos (gresk Κάρπαθος, italiensk Scarpanto, tyrkisk Kerpe) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet.
Tidlegare hadde øya to kommunar, Kárpathos og Ólymbos, men frå 2011 er Kárpathos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kárpathos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kárpathos er hovudstad i periferieininga.
Øya har eit estimert folketal på rundt 6 000. Dette talet vert meir enn dobla i sommarmånadane då mange turistar kjem her. Stundom kan det vere opp mot 20 000 folk på øya.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Øya ligg 47 km sørvest for Ródos i delen av Egearhavet kalla «Det karpathiske havet» (Carpathium Mare). Kárpathos har 10 landsbyar, som alle har bevart den tradisjonelle stilen på øya. I søraust ligg Pigádia, eller Kárpathos by. Rundt Pigádia ligg landsbyane Menetés, Arkása, Apéri, Voláda, Óthos og Pylés. I nord finn ein Mesokhóri, Spóa og Ólymbos. Det er to hamner på øya, ein i Kárpathos by og den andre i nord nær Ólymbos kalla Diafáni.
Flyplassen på øya, med relativt stor rullebane, ligg på sørsida av Kárpathos. Ferjer går til både dei omliggande øyane og til fastlandet.
Like nord for Kárpathos ligg øya Saría og ute i havet mot nordvest ligg Astakída og somme andre klippeøyar.
Historie [endre]
Krig og erobringar er ein vesentleg del av historia til Kárpathos. Karpatharane kjempa med Sparta i peloponnesarkrigen i 431 fvt. og mista sjølvstendet sitt til Ródos i 400 fvt.. I 42 fvt. vart øya ein del av Romarriket. Dei neste hundreåra vart Kárpathos styrt etter tur av arabarar, den genuesiske sjørøvaren Moresco, venetianarar og Det osmanske riket.
I både antikken og mellomalderen var ho nært knytt til Ródos, og vart eigd av adelsfamliar frå Venezia, mest kjend er Cornarofamilien frå 1306 til 1540, då ho til slutt vart ein del av Det osmanske riket. Som ei ganske fjerntliggande øy har Kárpathos halde sine eigne stilartar innan klede, vanar og dialekt. Dialekten liknar mest på den ein finn på Kreta og Kypros. Det osmanske styret enda då Italia erobra øya, i lag med resten av Dodekanesane, under den tyrkisk-italienske krigen i 1912. Kárpathos vart styrt av italienarane fram til under den andre verdskrigen. Kárpathos vart ein del av Hellas igjen i 1948.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Karpathos frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Agathonísi • Pátmos • Arkí • Lipsí • Léros • Farmakonísi • Kálymnos • Ímia • Psérimos • Astypálea • Kos • Nísyros • Jyalí • Kárpathos • Saría • Kásos • Tílos • Sými • Khálki • Ródos • Kastellórizo (Mejísti) • Ro • Strongylí Kastellorízou |
||