Kävlinge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°47′00″N 13°06′00″E

Kävlinge jarnbanestasjon

Kävlinge er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Kävlinge kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 8 550 innbyggjarar.

Kävlinge har lenge vore eit viktig jernbaneknutepunkt. Den første banen, mellom Arlöv, Teckomatorp og Billesholm, blei opna i 1886. Same år innvigde ein òg strekninga mot Lund, som var ein del av Lund-Trelleborg Järnväg. I 1893 bygde ein linja vidare mot Landskrona (Landskrona-Kävlinge järnväg – LaKJ). I 1906 blei det først bygd spor mot Sjöbo og året deretter mot Barsebäckshamn. På 1950-talet byrja jernbanelinjene mot Sjöbo og Barsebäck å bli ulønsame, og blei etter kvart lagt ned. I dag blir det drive pendlartogtrafikk, med Pågatåg og Öresundståg på spora mot Lund, Landskrona og Teckomatorp.

Kävlinge kommune har tre 18-hols golfbanar og like mange niholsbanar. Den mest kjende av banane er Barsebäcks Golf & Country Club, der mellom anna Scandinavian Masters er blitt spelt.

I april 1996 spora eit godstog med ammoniakklast av i Kävlinge. Cirka 9 000 menneske blei evakuert i det som er den største evakueringa i Sverige i moderne tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kävlinge