Kåfjord kyrkje i Alta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåfjord kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Alta
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Alta
Sokn Alta
Fellesråd Alta
Type Langkyrkje
Periode Engelsk nygotikk
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 10. september 1837
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 330
Kart
Kåfjord kyrkje i Alta
69°56′03″N 23°01′34″E / 69.934166666667°N 23.026111111111°E / 69.934166666667; 23.026111111111
Wikimedia Commons: Kåfjord kirke (Alta)

Kåfjord kyrkje er ei langkyrkje frå 1837 i Alta sokn i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedømme.

Kyrkja vart vigsla 16. sundag etter treeining 1837 av biskop Kjerschow, og er den eldste kyrkja i Alta.

Byggverket er i tømmer og har 330 sitjeplassar.

Ein kan komme til kyrkja via E6. Kyrkja ligg på ei høgd aust for vegen.

Historia til Kåfjord kyrkje er nær knytt til historia om drifta av kopargruvene. Då verket vart innstilt, gjekk òg kyrkja inn i forfall. I 1896 sette svenske interessentar drifta i gang att, og kyrkja vart måla innvendig i blått og gult. I 1909 vart koparverket nedlagd, og det kom framlegg om å flytte kyrkja til Elvebakken. Etter ein forfallsperiode vart kyrkja pånytt istandsett på slutten av 1930-talet.

Kyrkjegarden[endre | endre wikiteksten]

På kyrkjegarden er det ærverdige gravminne over familiemedlemmer til den engelske leiinga i koparverket på 1800-talet. Her er grava til handelsmannen Carl Johan Ruth som vart drepen under Kautokeino-opprøret i 1852 og og gravene til Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby som vart halshogde for deltakinga i opprøret.

I 2003 vart det reist eit minnesmerke over det britiske ubåtmannskapet som fall under angret på Tirpitz, og i 2004 vart det reist eit minnesmerke over rallarfamilien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]