Kåfjorden

Koordinatar: 69°35′4.6896″N 20°30′26.478″E / 69.584636000°N 20.50735500°E / 69.584636000; 20.50735500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°35′4.6896″N 20°30′26.478″E / 69.584636000°N 20.50735500°E / 69.584636000; 20.50735500

Kåfjorden og Lyngen sett frå Olderdalen. Nordnesodden ligg litt til venstre for midten av bilete.

Kåfjorden (samisk Gáivuotna) er ein fjordarm av Lyngen i Kåfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 20 km søraustover til Birtavarre eller Kåfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Ystebyneset i nord og Nordnesodden i sør. Bygda Olderdalen ligg på nordsida like innanfor munningen og frå her går det ferje ut fjorden, over til Lyngseidet på andre sida av Lyngen. Her ligg òg Kåfjord kyrkje. På sørsida av Kåfjorden ligg ei bukt, berre kalla Bukta, der ein finn tettstaden Løkvoll. Bygda Skardalen ligg litt lenger inn i fjorden på sørsida.

E6 går inn og ut fjorden langs begge sider.