Kåfjorden ved Nordkapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kåfjorden (samisk Gávkevuotna) er ein fjord i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Indre Kåfjord i botn av fjorden. Fjorden ligg på sørsida av Magerøysundet og kan reknast som ein fjordarm av Porsangerfjorden som ligg litt lenger aust.

Fjorden har innløp mellom Kåfjordnova i vest og Svabergneset i aust. Bygda Kåfjord ligg på austsida av fjorden. Nord for Kåfjord ligg grenda Ytre Kåfjord. På vestsida av fjorden går den vesle fjordarmen Vesterpollen vestover. Inst i Vesterpollen startar Nordkapptunnelen som går under Magerøysundet til Magerøya. Fjorden er 55 meter på det djupaste, ved munningen.

E69 går langs indre delar av fjorden.