Kåre Conradi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Conradi

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1972 (52 år)
Asker
Yrke skodespelar, fjernsynsskodespelar, songar
Språk norsk
Far Fredrik Conradi
Partnar Lene Marlin
Kåre Conradi på Commons

Kåre Conradi (fødd 11. januar 1972 i Asker) er ein norsk skodespelar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole og LAMDA i London. Conradi medverka i m.a. West Side Story (som Tony), Hamlet (tittelrolla), Karusell, I hired a contract killer, Stones in his pockets, Skyggen og Pianisten. Conradi var mellom dei kunstnariske leiarane for Torshovteatret i 2000–2003. Han spelte Håkon Håkonsen i KongsemnerneDet Kgl. Teater i København. I 2003 vart Conradi m.a tildelt Radioteatrets Blå Fugl for Ibsens Kjærlighedens Komedie. Han spelte Higgins i My Fair Lady i 2003. Kåre Conradi var forlovar for Ari Behn og fadder då Maud Angelica Behn vart døypt i 2003. I 2006 hadde han ei rolle i TV-serien Gutta Boys. Han er sonen til songaren Fredrik Conradi.

Kåre Conradi var trulova med Marian Aas Hansen i åtte år, men trulovinga vart broten våren 2007. Lene Marlin flytta til London sommaren 2008 etter å ha budd ei tid i Oslo, og stadfesta i eit intervju med Dagbladet i august 2008 at ho og Conradi var sambuarar.[1]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lene Marlin bekrefter romanse» på VG.no (17.08.2008(.