Kåre Lilleholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Lilleholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1952 (71 år)
Yrke Jusprofessor

Kåre Lilleholt (fødd 10. september 1952) er ein norsk professor i jus ved Universitetet i Oslo.

Lilleholt blei cand. jur. ved UiO i 1979 og dr. juris. ved Universitetet i Bergen i 1986. Han har tidlegare vore professor ved UiB og Norges Handelshøyskole. Han har sidan 2006 vore professor ved Universitetet i Oslo og har også drive eigen advokatpraksis.

Lilleholt arbeider særleg innan felta formuerett, bustadrett, kontraktsrett og komparativ rett. Han har gitt ut ei rekkje bøker, og har blant anna vore redaktør for dei nyaste utgåvene av Knophs Oversikt over Norges rett, i tillegg har han sitet i fleire offentlege lovutval.

Han har også vore medlem av språkrådet, der han mellom anna har vore leiar av nynorskseksjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]