Kåre Nordstoga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kåre Nordstoga (fødd 18. desember 1954) er ein norsk musikar med orgel som hovudinstrument. Frå 1984 har han vore domorganist i Oslo domkirke.
Under Spellemannprisen 1994 vann Nordstoga saman med Knut Buen og Leif Rygg klassen folkemusikk/ gamaldans for plata Bjølleslåtten. I 2006 vann Nordstoga i tillegg Lindemanprisen.