Kåre Willoch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kåre Willoch

Kåre Isaachsen Willoch (fødd 3. oktober 1928 i Oslo) er ein norsk politikar. Han var leiar av partiet Høgre frå 1970-74 og statsminister i Noreg frå 1981-86. 14. oktober 1981 danna han den fyrste reine høgreregjeringa sidan 1927. Frå 8. juni 1983 vart Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti med i regjeringa, regjeringa vart då ei koalisjonsregjering. Regjeringa gjekk av 8. mai 1986 etter at regjeringa hadde stilt kabinettspørsmål på å auke bensinavgifta, og blitt stemt ned i Stortinget.

1980-talet stod Willoch i spissen for ei høgrebølgje i norsk politikk. Arbeidarpartiet gjekk attende og Høgre fekk auka oppslutnad. Willoch var i mange ordskifte med leiaren i Arbeidarpartiet, Gro Harlem Brundtland. Saman vart dei kjend som berre Gro og Kåre.

Willoch er utdanna samfunnsøkonom, og arbeidde tidlegare i Norges Rederiforbund og Norges Industriforbund.

Dei seinare åra har han engasjert seg særleg for Palestina i konflikten med Israel, og har nytta utsegner som «Riv skammens mur!». Mange Israelvener hevdar at Willoch er antisemittisk. Willoch har vorte populær mellom mange norske sosialistar i Noreg dei siste åra, med sitt engasjement for naturvern og menneskerettar.

I 1997 vann han Fritt Ords Pris for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]