Kårstein Løvaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kårstein Eidem Løvaas (fødd 11. oktober 1967) er ein journalist og politikar frå Sandar i Sør-Odal, busett på Teie i Nøtterøy. Han er sidan oktober 2013 stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Vestfold.

Løvaas er utdanna ved befalsskule, og har studert sosialøkonomi ved Lunds universitet i Sverige. Frå 1994 til 2013 var han journalist og programleiar i radiostasjonen P4.

På 1980-talet var Løvaas politisk aktiv i Unge Høgre. Han medlem av Nøtterøy kommunestyre i perioden 2007-11, der han var leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. Ved stortingsvalet i 2013 vart han innvald på Stortinget som fylkespartiet sin andrekandidat. Han er medlem av Familie- og kulturkomiteen. [1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi