Képler Laveran Lima Ferreira
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Képler Laveran Lima Ferreira | |
| Fødselsdato | 26. februar 1983 | |
| Fødestad | Maceió i Brasil | |
| Høgd | 186 cm | |
| Posisjon | Midtstoppar | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | Real Madrid | |
| Draktnummer | 3 | |
| Ungdomsklubb | ||
| 1995-2001 | ||
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 2001-04 2004-07 2007- |
63 (3) 64 (6) 56 (1) |
|
| Landslag** | ||
| 2007- | 24 (2) | |
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Képler Laveran Lima Ferreira, kjend som Pepe (fødd 26. februar 1983 i Maceió i Alagoas) er ein brasiliansk-portugisisk fotballspelar som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget. Han er fødd og oppvaksen i Brasil, men flytta til den portugisiske øya Madeira for å spela fotball for klubben Marítimo som 18-åring. I 2004 gjekk han vidare til toppklubben Porto og var med på å vinna den portugisiske serien med klubben i 2005/06 og 2006/07. 16. juli 2007 skreiv han under på ein femårskontrakt for Real Madrid og var med å vinna den spanske serien med dei i 2007/08, den tredje ligameisterskapen hans på rad. I desember 2009 fekk han eit roke korsband i kneet, og skaden var venta å setja han ut av spel i eit halvt år.
Pepe vart portugisisk statsborgar i august 2007, og 30. august same året vart han kalla inn til ein portugisisk A-landslagstropp for første gong. Han debuterte for Portugal 21. november 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Han spelte alle Portugal sine kampar under fotball-EM i 2008. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 vart han ofte brukt som defensiv midtbanespelar. Deltakinga hans i fotball-VM vart sett i fare av korsbandskaden hans i desember 2009.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Ricardo • 2 Ferreira • 3 Bruno Alves • 4 Bosingwa • 5 Meira • 6 R. Meireles • 7 Ronaldo • 8 Petit • 9 H. Almeida • 10 J. Moutinho • 11 Simão • 12 Nuno • 13 Miguel • 14 Ribeiro • 15 Pepe • 16 R. Carvalho • 17 Quaresma • 18 M. Veloso • 19 Nani • 20 Deco • 21 Nuno Gomes • 22 Patrício • 23 H. Postiga • Trenar: Scolari |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Eduardo • 2 Alves • 3 Ferreira • 4 Rolando • 5 Duda • 6 Carvalho • 7 Ronaldo • 8 Mendes • 9 Liédson • 10 Danny • 11 Simão • 12 Beto • 13 Miguel • 14 Veloso • 15 Pepe • 16 Meireles • 17 Amorim • 18 Almeida • 19 Tiago • 20 Deco • 21 Costa • 22 Fernandes • 23 Coentrão • Trenar: Queiroz |
||
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Eduardo • 2 Alves • 3 Pepe • 4 Veloso • 5 Coentrão • 6 Custódio • 7 Ronaldo (kaptein) • 8 Moutinho • 9 Almeida • 10 Quaresma • 11 Oliveira • 12 Patrício • 13 Costa • 14 Rolando • 15 Micael • 16 Meireles • 17 Nani • 18 Varela • 19 Lopes • 20 Viana • 21 Pereira • 22 Beto • 23 Postiga • Trenar: Bento |
||