Kéros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kéros is located in Hellas
Plasseringa til Kéros

Kéros (gresk Κέρος) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya er ikkje busett og har eit areal på 15 km² og det høgaste punktet er 432 moh. Ho var ein viktig stad for Den kykladiske sivilisasjonen som blømde rundt år 2500 fvt.

Kéros inngår frå 2011 i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.

Øya ligg mellom Amorgós og Náxos, like sør for Koufonísia og aust for Skhinoúsa.

Kéros er særskild kjend for marmorstatuar med flate andlet som seinare inspirerte Pablo Picasso og Henry Moore.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Kykladane

Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Járos • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi

Koordinatar: 36°53′N 25°39′E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.