Hradec Králové

Koordinatar: 50°12′N 15°15′E / 50.200°N 15.250°E / 50.200; 15.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Königgrätz)
Hradec Králové
Elva Elbe i Hradec Králové
Elva Elbe i Hradec Králové
Elva Elbe i Hradec Králové
Flagget til Hradec Králové Byvåpenet til Hradec Králové
Flagget til Hradec Králové Byvåpenet til Hradec Králové
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Hradec Králové kraj
Geografi
Flatevidd 105,686167 km²
Flatevidd
 - By

105,6 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

95 195
Koordinatar 50°12′N 15°15′E / 50.200°N 15.250°E / 50.200; 15.250
Høgd over havet 235 m
Diverse anna
Heimeside: http://www.hradeckralove.org/
Nettstad: www.hradeckralove.org
Plassering

Hradec Králové (tysk Königgrätz) er ein by i Hradec Králové kraj i Böhmen i Tsjekkia ved elva Elbe (Labe på tsjekkisk). Økonomien i byen er basert på næringsmiddelindustri, og fotokjemi og elektronikk industriar. I tillegg vert det produsert musikkinstrument i byen, mest kjend er pianomerket PETROF. Byen har eit universitet, og Karlsuniversitet i Praha har ei medisinsk avdeling her.

Byen er kjend for Slaget ved Königgrätz den 3. juli 1866, eit slag i den prøyssisk-austerrikske krigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hradec Králové er ein av dei eldste busetnadane i Tsjekkia. Byen hadde festning alt i 1062, og katedralen i byen vart bygd i 1303.

Hradec Králové heitte opphavleg berre Hradec (slottet), Králové (dronningas) vart seinare lagt til då byen dronning Elisabeth fekk byen av kong Wenceslaus II.

Byen var sentral under Hussittkrigane, då han var med på opprørarane si side.

Trettiårskrigen førte til at den protestantiske folkesetnaden vart jaga frå byen etter slaget ved Bílá hora i 1620. I 1639 vart byen omleira av svenskane i åtte månadar.

Under Josef II si regjeringstid vart mange av kyrkjene i byen rive ned for å gjere plass til festningsverk. Desse festningsverka stod heilt til 1884.

Kjende personar frå Hradec Králové[endre | endre wikiteksten]

Luftfoto av sentrum i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hradec Králové