Königsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Königsberg var før 1946 namnet på byen Kaliningrad , ein hamneby ved Austersjøen. Byen var hovudstad i provinsen Austpreussen i Tyskland, og i det tidlegare hertugdømet Preussen. Byen var ein gamal tysk hansaby. Ved slutten av andre verdskrig vart byen okkupert av Sovjetunionen. Byen vart i 1946 omdøypt til Kaliningrad etter sovjetleiaren Mikhail Kalinin. I dag er Kaliningrad oblast ein russisk enklave mellom Polen og Litauen. I byen krona Fredrik I seg sjølv til den fyrste kongen av Prøysen, og kong Vilhelm I av Prøysen vart òg krona der.

Königsberg vart grunnlagd i 1255 av den tyske riddarorden, då dei hærtok Preussen.

Kjende personar frå Königsberg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]