Köping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Denne artikkelen handlar om omgrepet i svensk offentleg forvalting. For tettstaden i Sverige, sjå Köping i Västmanland.

Ein köping var i Sverige og Finland ein administrativ tätort som hadde visse funksjonar som handelsplass, men til skilnad frå städer hadde den ikkje stadsrettigheter (byrettigheiter). Termen har hatt ulikt innhald i ulike periodar.

Før 1863[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var ein köping kort og godt ein handelsplass, men frå starten på 1600-talet vart det òg ein særskild juridisk term for ein plass som fungerte som "stadsfilial" (byfilial). I 1620 fekk Kalmar stad rett til å opprette köpingar ved Borgholm, Ölands södra mot, Brömsebro, Linneryd og Mönsterås. I desse köpingar hadde berre borgarane i Kalmar rett til å drive köpenskap, og hantverkarane skulle høyre til skrå (laug) i Kalmar. I det same året vart det oppretta köpingar i Bjurvik, Gamleby, Locknevi og Ed (alle under Västerviks stad), Hellestad (under Norrköpings stad), Ullasjö, Fållinge, Horn, Moheda og Värnamo (under Jönköpings stad). I året 1647 fekk både Söderköping og Västervik rett til å halde köping i Valdemarsvik, men på atskilde plassar og til ulike tider. Mellom 1723 og 1727 hadde Norrköping köpingsrett i Valdemarsvik. Ein annan delt köping var Strömstad, som frå og med 1667 vart delt under Göteborg, Marstrand og Uddevalla. I 1686 vart Ronneby og Kristianopels köpingar oppretta under Karlskrona. Nokre av desse eldre köpingar, som òg vart kalla lydköpingar, var opne berre i visse tider på året og kan då sjåast på som ein slags marknadsstader med særskilde juridiske regler.

I Gustav III si regeringstid vart det skapt ein heilt ny type köping, som ikkje var underlagt nokon stad og der innbyggarane ikkje lydde under handelsreglement eller laugsordningar. Tammerfors (1779) og Malmköping (1784) var dei første som fekk denne nye statusen. I 1811 kom Arvika og Töcksmark til og i 1820 Motala og Mörbylånga. I 1828 fekk Ljungby rett å danne köping. Desse köpingane vart òg kalla friköpingar, og ein del lydköpingar vart òg omdanna til slike (Värnamo 1859).

1863-1970 i Sverige[endre | endre wikiteksten]

I og med 1862 års kommunalförordningar vart det oppretta kommunar i Sverige. Kvar stad og kvart socken (med nokre få unnatak) vart då ein eigen kommune. Når det gjeld dei dåvæerande tjue lyd- og friköpingaane vart det oppretta berre fem friköpingar og to lydköpingar som eigne kommunar (Arvika, Lysekil, Malmköping, Motala og Örnsköldsvik respektive Mönsterås og Ronneby). Dei øvrige 13, som termen municipalköping var brukt om, kom inntil vidare å inngå i den landskommunen der dei lå. Det kan seiast at dei hadde hatt ei stilling liknande municipalsamhällenas. Fem av desse danna köpingskommun seinare. Av desse vart to städer (Värnamo og Nybro), og to municipalköpingar vart dessutan städer utan at dei derimellom danna köpingskommunar (Trelleborg og Ljungby).

Köpingane høyrte inn under forordninga om "kommunalstyrelse på landet" og mangla alltid ein eigen jurisdiktion. När dei så kalla stadsstadgorna vart innførde vart Brandstadgan og Byggnadstadgan tilpassa og seinare vart Stadsplanelag av 1907 obligatorisk i alle köpingar. Köpingar kan såleid seiast å ha inntatt ei mellomstilling mellom städer og landskommuner.

Dei opphavlege sju köpingskommunane kom på resten av 1800-talet og på første del av 1900-talet til å bli auka med 121 stykker. På det meste hadde Sverige nokre år kring 1960 i alt 96 köpingar samstundes. Ofte braut tätorter ut frå dei landskommunane dei høyrde til for å danne köpingar, som seinare kunne bli städer. I dei seinare tilfelle av köpingsnydanningar (den siste så seint som i 1959) var de oftast slik at eit municipalsamhälle vart oppløyst og heila kommunen vart omdanna til ein köping. Den siste municipalköpingen vart oppløyst i 1955.

Etter 1971 i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Ved kommunreforma i 1971 vart det innført enhetlig kommuntyp, der alle tidlegare landskommuner, köpingar og städer vart erstata av kommuner. I samband med reforma vart òg det talet på kommuner redusert frå om lag 1 000 i 1965 til 277 i 1977. Då hadde 71 av Sveriges kommunar ein tidlegare köping som centralort. Sidan Gnestas vart utskilt frå Nyköping i 1992 er talet på "köpingskommuner" i dag 72 av 290.

Tilskilnad frå omgrepet stad er det uvanleg å høyre termen köping nytta i daglegtale i dag.

1858-1976 i Finland[endre | endre wikiteksten]

Tilhøva i Finland var dei same som i Sverige. Den første köpingskommunen var Ikalis, som vart danna 1858. Mal:Stubavsnitt

Etter 1977 i Finland[endre | endre wikiteksten]

Köpingen som kommuntype vart avskaffa i Finland i 1977 og alle attverande köpingar vart städer. I Finland òg vart frå 1995 innført einheitleg kommunetype. Likevel kan ein kommune ønske å kalla seg stad (§5 Finlands kommunallag). Nokre liknande moglegheit å kalle sieg köping finnast derimot ikkje.

Øvrig[endre | endre wikiteksten]

Termen köping kan òg nyttast som oversetting av utanlandske omgrep som tyske Flecken eller Marktgemeinde.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]