Köppen si klimaklassifisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdatert Köppen-Geiger klimakart[1]
██ Af ██ Am ██ Aw ██ BWh ██ BWk ██ BSh ██ BSk ██ Csa ██ Csb ██ Cwa ██ Cwb ██ Cwc ██ Cfa ██ Cfb ██ Cfc ██ Dsa ██ Dsb ██ Dsc ██ Dsd ██ Dwa ██ Dwb ██ Dwc ██ Dwd ██ Dfa ██ Dfb ██ Dfc ██ Dfd ██ ET ██ EF

Köppen si klimaklassifisering er eit av dei mest brukte klimaklassifiseringssystema. Det vart utvikla av den tyske klimatologen Wladimir Köppen rundt 1900. Han gjorde seinare fleire utbetringar av systemet. Systemet kombinerer årlege og månadlege middel av temperatur og nedbør i samsvar med vegetasjonsfordelinga på jorda.

Klimasoner[endre | endre wikiteksten]

Köppen sitt skjema deler klimaet inn i fem klimasoner i tillegg til fleire klimatypar og klimaundertypar. Kvart enkelt klima vert representert ved ein bokstavkode på to til fire bokstavar.

Gruppe A: Tropisk klima[endre | endre wikiteksten]

Tropisk klima har konstant høg temperatur (i havnivå og låge nivå). Alle månadane i året har ein middeltemperatur over 18 °C.

Tropiske klimatypar[endre | endre wikiteksten]

  • Tropisk regnklima (Af): Alle tolv månadane har ein nedbørnormal på minst 60 mm. Ein finn vanlegvis dette klimaet innanfor 5-10º frå ekvator, men i enkelte austlege kystområde kan dei strekke seg 25º frå ekvator. Dette klimaet er dominert av den intertropiske konvergenssona året rundt, og har lite årtidsvariasjon. Regnskogane i verda har tropisk regnklima.
    Døme:
    Singapore
    Store delar av Brasil.
    • Enkelte av områda som har dette klimaet har jamt fordelt nedbør gjennom heile året (t.d. stillehavskysten av nordvestlege Sør- og Sentral-Amerika frå Ecuador til Costa Rica), men i mange tilfelle er perioden då sola står høgast og dagane er lengst den våtaste (som i Indonesia). Andre område (som Malaysia) er våtast når sola står lågast og dagane er kortast.
    • Enkelte område med dette klimaet finn ein i ytterkanten av tropane, og nesten berre på den sørlege halvkula. Eit døme er Santos i Brasil.

Merk at ein kan ha visse klimatiske variasjonar gjennom året òg i den tropiske sona, men ein har berre små skilnadar i talet på timar med dagslys og i månadlege (eller daglege) temperaturvariasjonar gjennom året. Dei klimatiske variasjonane er derimot ikkje så tydelege som i den tempererte sona, og det er stort sett nedbørsfordelinga gjennom året som varierer.

  • Tropisk monsunklima (Am): Denne typen klima er mest vanleg i Sør-Asia og Vest-Afrika og kjem som eit resultat av monsunen. Monsunvinden endrar retning med årstida. Dette klimaet får mindre enn 60 mm i den tørraste månaden men meir enn (100 − (total årleg nedbør {mm}/25)).
    Døme:
    Guinea
    Bangladesh
    • Ein kan ha enkelte andre område som òg passar inn i denne kategorien, og desse vert kalla passatvind litoralklima fordi austlege vindar fører med seg nok nedbør i «vintermånadane» til at klimaet ikkje vert tropiske savanneklima. Jakarta i Indonesia og NassauBahamas er døme på slike stader.
    • Dei fleste områda med slikt klima finn ein i dei ytre områda av den tropiske sona, men av og til òg innanfor tropane (til dømes San Marcos i Colombia).
    • Av og til vert As brukt i staden for Aw viss tørketida oppstår i tida då sola står høgt på himmelen og dagane er lange. Dette er til dømes tilfelle i delar av Hawaii, Aust-Afrika (Mombasa i Kenya) og Sri Lanka (Trincomalee).

Gruppe B: Tørt klima[endre | endre wikiteksten]

Dette klimaet er karakterisert ved at nedbøren er mindre enn den potensielle evaportranspirasjonen. Grenseverdiane er som følgjer:

  • For å finne grenseverdien for nedbøren (i millimeter) kan ein multiplisere den årlege middeltemperaturen i °C med 20, så legge til 280 om 70 % eller meir av den totale nedbøren kjem i det halvåret sola står høgast på himmelen (april-september på nordlege halvkule, oktober-mars på sørlege), eller legge til 140 om 30-70 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden, eller 0 om mindre enn 30 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden.
  • Viss den totale nedbøren er mindre enn halvparten av grenseverdien for gruppe B, vert klimaet klassifisert som BW (ørkenklima). Visst den totale nedbøren er mindre enn grenseverdien, men meir enn halvparten av grenseverdien vert klimaet klassifisert som BS (steppeklima).
  • Ein kan legge til ein tredje bokstav for å indikere temperaturen. Før tyda h klima på låge breidder (årleg middeltemperatur over 18 °C), medan k tyda klima på midlare breidder (årleg middeltemperatur under 18 °C). I dag er det derimot vanleg å nytte h når den kaldaste månaden har middeltemperatur som er over 0 °C, medan k vert nytta når minst ein av månadane har middeltemperatur under 0 °C.
  • Av og til vert det lagt til ein fjerde bokstav for å indikere om vinteren eller sommaren er «våtare» enn den andre halvparten av året. Den våtaste månaden må då ha minst 60 mm normalnedbør visst alle tolv månadane er over 18 °C, eller 30 mm viss ikkje. I tillegg må dei ha minst 70 % av den totale nedbøren i det same halvåret. Bokstaven som vert brukt indikerer derimot kor tid den «tørre» tida oppstår, ikkje den «våte». Dette fører til at Khartoum i Sudan har BWhw, Niamey i Niger BShw, El Arish i Egypt BWhs, Asbi'ah i Libya BShs, Umnugobi i Mongolia BWkw, og Xining i Kina BSkw. BWks og BSks eksisterer ikkje viss ein har 0 °C i den kaldaste månaden. Om krava for w eller s ikkje er oppfylt, legg ein ikkje til ein fjerde bokstav.

Gruppe C: Temperert klima[endre | endre wikiteksten]

Dette klimaet har ein middeltemperatur over 10 °C i dei varmaste månadene, og dei kaldaste månadane ein middeltemperatur mellom −3 °C og 18 °C.

  • Den andre bokstaven indikerer nedbørsmønsteret. w indikerer tørre vintrar. Den tørraste vintermånaden har ein normal som er ein tiandedel av den våtaste sommarmånaden. Ein variasjon krev òg at den tørraste vintermånaden skal ha ein nedbørnormal mindre enn 30 mm. s indikerer tørre somrar. Den tørraste sommarmånaden skal ha ein nedbørnormal mindre enn 30 mm eller ein tredjedel av den våtaste vintermånaden. f vert brukt når ingen av vilkåra for w og s er oppfylt og ein har jamt fordelt nedbør gjennom året.
  • Ein tredje bokstav indikerer kor varm sommaren er. a indikerer at den varmaste månaden har ein middeltemperatur over 22 °C. b indikerer ein middeltemperatur under 22 °C der minst fire av månadane har ein middeltemperatur over 10 °C. c tyder at tre eller mindre av månadane har ein middeltemperatur over 10 °C.

Tempererte klimatypar[endre | endre wikiteksten]

  • Maritimt klima (Cfb, Cwb): Cfb klima har ein på vestsida av kontinent mellom 45º og 55º, vanlegvis like på polsida av Middelhavsklima, men i Australia finn ein dette klimaet sør for det fuktige subtropiske klimaet og på noko lågare breiddegrad. I Vest-Europa finn ein dette klimaet opp til 63ºN (som inkluderer store delar av kysten langs Noreg). Dette klimaet vert påverka av polarfronten heile året, noko som fører til ustabilt og ofte skya vêr. Somrane er forholdsvis kjølige på grunn av skydekket, medan vintrane er milde enn andre klima på same breidder.
    Døme:
    Limoges i Frankrike (Cfb — jamn nedbørfordeling)
    Langebaanweg i Sør-Afrika (Cfb — somrane våtare enn vintrane)
    Prince Rupert i British Columbia i Canada (Cfb — somrane tørrare enn vintrane).
    Bergen i Noreg (Cfb)
    Cfb klima har ein og i høgare strøk i visse tropiske område der klima elles ville ha vore tropiske regnklima om dette ikkje hadde vore for høgda. Bogotá i Colombia er kanskje det beste dømet.
    Cwb har ein berre i høgare strøk der klimaet elles ville ha vore tropisk savanneklima.
    Døme:
    Addis Ababa i Etiopia
    Mexico by i Mexico
    Campos do Jordão i Brasil
    Curitiba i Brasil.
  • Maritimt subarktisk klima (Cfc): Dette klimaet har ein på polsida av det maritime tempererte klimaet, og berre i ei smal kyststripe på vestsida av kontinent som ligg nær polane. På nordlege halvkule gjeld det òg øyane som ligg utanfor kysten langt mot nord.
    Døme:
    Punta Arenas i Chile (Cfc — jamn nedbørsfordeling)
    Monte Dinero i Argentina (Cfc — somrane våtare enn vintrane)
    ReykjavíkIsland (Cfc — jamn nedbørsfordeling)
    TórshavnFærøyane (Cfc — somrane tørrare enn vintrane)
    Harstad i Noreg (Cfc — jamn nedbørsfordeling).

Gruppe D: Kontinentalt klima[endre | endre wikiteksten]

Dette er klima med ein middeltemperatur over 10 °C i dei varmaste månadane, og den kaldaste månaden under −3 °C. Desse har ein vanlegvis i indre område av kontinent eller på austkysten nord for 40ºN. På den sørlege halvkula er denne typen klima svært sjeldan på grunn av mindre landmassar og svært små landmassar sør for 40º. Få unntak er høgare område på New Zealand. Klimagruppa vert òg kalla polarklima eller innlandsklima.

  • Dei andre og tredje bokstavane er som for gruppe C klima, medan ein tredje bokstav, d, indikerer tre eller færre månadar med middeltemperatur over 10 °C og ein minimumstemperatur under −38 °C i dei kaldaste månadane.

Kontinentale klimatypar[endre | endre wikiteksten]

  • Kontinentalklima med varme somrar eller halvpolare klima (Dfb, Dwb, Dsb): Dfb og Dwb klima finn ein vanlegvis rundt 50ºN i Nord-Amerika, og rundt 60ºN i Sentral- og Aust-Europa og Russland, mellom maritimt klima og kontinentalt polarklima.
    Døme:
    Moncton i New Brunswick i Canada (Dfb)
    Minsk i Kviterussland (Dfb)
    Vladivostok i Russland (Dwb).
    Stockholm i Sverige (Dfb)
    Oslo i Noreg (Dfb)
    Dsb har ein i høgare strøk, hovudsakleg i Nord-Amerika, der ein elles ville hatt Middelhavsklima.
  • Kontinentalt polarklima med svært harde vintrar (Dfd, Dwd): Dette klimaet har ein berre aust i Sibir. Stader som Verkhoyansk og Oymyakon får svært låge temperaturar om vinteren, faktisk dei lågaste på heile den nordlege halvkula.

Gruppe E: Arktisk klima[endre | endre wikiteksten]

Dette klimaet er karakterisert ved middeltemperatur under 10 °C i alle månadane.

Viss nedbøren er jamt fordelt kan ein bruke ETf. Her gjeld dei same reglane som for gruppe C og D, men i tillegg må den våtaste månaden ha minst 30 mm nedbør (gruppe E kan vere like tørr og tørrare enn gruppe B, men fordampinga er mykje mindre).

Klimasoner i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg inndelt etter Köppen si klimaklassifisering. Kjelde: Meteorologisk Institutt

Noreg kjem inn under fleire av klimasonene i Köppen si klimaklassifisering, hovudsakleg innanfor dei tempererte og dei kontinentale klimasonene. Kyststrøka frå vestsida av ytre Oslofjord og heilt nord til Troms har maritimt klima som ein finn under gruppe C. Indre område av Austlandet, Sørlandet, Trøndelag har kontinentalt klima med varme somrar, medan sørlege delar av Finnmark har kontinentalt polarklima. Fjellstrøka i Sør-Noreg, grensetraktene i Midt-Noreg, Nordland og Troms, områda nord i Finnmark og Svalbard har tilnærma arktisk klima.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Enkelte klimatologar meiner at Köppensystemet kan gjerast betre, særleg med tanke på gruppe C som mange meiner spenner over eit for stort område. I 1966 føreslo John Griffiths ei ny subtropisk klimasone, som har middeltemperatur i dei kaldaste månadene mellom 6 °C og 18 °C, noko som vil dele gruppe C i to like store delar.

Eit anna punkt er gruppe B der ein meiner at berre to termale underkategoriar er for lite. Det er føreslått at ein i stadenfor ei eiga gruppe, legg ein bokstav til ei av dei andre gruppene — S for steppe eller W (eller D) for ørken.

Ein tredje ide er å danne ei maritim arktisk eller EM sone innanfor gruppe E for å skilje relative milde martimie stader (som Ushuaia i Argentina eller dei ytre Aleutane) frå kaldare, kontinentale tundraklima.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peel, M.C.; Finlayson, B.L.; McMahon, T.A. (2007). «Updated world map of the Köppen-Geiger climate classification». Hydrol. Earth Syst. Sci. 11: 1633-1644. ISSN 1027-5606.  (direkte: Siste utgåve)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • McKnight, Tom L; Hess, Darrel (2000). «Climate Zones and Types: Highland Climate (Zone H)», Physical Geography: A Landscape Appreciation. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall, pp. 237-40. ISBN 0-13-020263-0.
  • Kottek, M., J. Grieser, C. Beck, B. Rudolf og F. Rubel (2006). World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated. Meteorol. Z., 15, 259-263. DOI: 10.1127/0941-2948/2006/0130'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Klimadata