Körös

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Körös
Körös nær Kunszentmárton
Körös nær Kunszentmárton
Utspring Ved Crişul Alb og Crişul Negru
Munning Tizsa
Land i nedslagsfelt Romania Romania
Ungarn Ungarn
Lengd 560 km
Nedslagsfelt 27 537 km²

Körös (på ungarsk) eller Criş (på rumensk) (tysk Kreisch) er ei elv aust i Ungarn. Ho vert danna der elvane Crişul Alb (ungarsk: Fehér-Körös) og Crişul Negru (ungarsk: Fekete-Körös) renn saman nær Gyula (rumensk: Ghiula). Crişul Repede (Ungarsk: Sebes-Körös) munnar ut i Körös nær Gyoma. Alle desse tre elvane har sine utspring i Apusenifjella i Romania. Körös munnar ut i Tisza nær Csongrád.

I antikken vart elva kalla Crisus, Crisia, Grisia eller Gerasus, medan eit eldre tysk namn på elva er Kreisch.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]