Köyceğizsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Köyceğizsjøen

Köyceğizsjøen er ein innsjø i provinsen Muğla i Tyrkia. Han er kalla opp etter byen Köyceğiz, som ligg ved nordbreidda. Innsjøen ligg ved kysten og er knytt til Middelhavet via ein smal, sivdekt kanal kalla Dalyan og som renn gjennom landsbyen Dalyan og den antikke byen Kaunos. Dalyankanalen munnar ut i sjøen ved İztuzustranda.

Områda kring innsjøen er viktige naturreservat og populær turistmål. Dei er ein del av Köyceğiz-Dalyan spesielle verneområde.

Øy i Köyceğizsjøen

Innsjøen får tilførsel av vatn frå Namnam og Yuvarlakçay og fleire fjellbekkar. Djupna i innsjøen varierer frå 20 til 60 meter og han er rik på fisk.

Innsjøen vart danna for kring 7500 år sidan då heile den austlege delen av Middelhavet vart råka av jordskjelv. Sør for Köyceğizsjøen går det ei forkasting, som grensar til fleire svovelhaldige varmekjelder, mellom anna Sultaniye Spa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]